Havnebanen
Havnebanen | |
Havnebanen under Akershus festning. Foto: Anders Beer Wilse (1935)
| |
Info | |
Type | Jernbane |
System | 1435 mm normalspor |
Status | Nedlagt |
Tal på stasjonar | 2 |
Drift | |
Opna | 13. november 1907 |
Type trafikk | Godstrafikk |
Teknisk | |
Lengde | 2,2 |
Planovergangar | 3 |
Havnebanen i Oslo var ein 2,2 km lang, einspora og ikkje elektrifisert jernbane mellom godsstasjonen for Oslo Østbanestasjon og godsstasjonen for Oslo Vestbanestasjon.
Banen vart opna 13. november 1907, og var det einaste jarnbanesambandet mellom dei to stasjonane. Vestbanestasjonen var den opphavlege endestasjonen for Drammenbanen fram til Oslotunnelen vart bygd, stasjonen vart lagt ned, og Drammensbanen på strekninga frå Skøyen i retning av stasjonen vart omgjort til Skøyen–Filipstadlinja, med godslinje til kaiene på Filipstad, og oppstallings- og vedlikehaldsområde for lokaltog på mellom anna det gamle godsstasjonsarealet.
Havnebanen var hovudsakleg ein bane for kipptog, godstog i rute mellom dei to godsstasjonane og vart berre sporadisk nytta til persontransport. Desse toga vart kalla «østbanekippen» eller «vestbanekippen», etter som. Godstoga vart i mange år ført fram av små damplokomotiv, skiftelokomotiv, seinare med disellokomotiv av type Di 2. Toget gjekk under namnet «maleren» på grunn av larmen frå diesellokomotivet.
Då Oslotunnelen opna i 1980 og godstoga tok til å nytte denne tunnelen, vart hamnebanen til lita nytte og lagt ned same året. Mesteparten av sporet vart fjerna i 1983.
Banen, som gjekk attmed bryggene kring Akershus festning og over Rådhusplassen i Oslo på sin veg mellom dei to godsstasjonane, var lenge det einaste jernbanesambandet mellom det vestlege og det austlege jernbanenettet i Noreg, dersom ein ser vekk frå linja frå Hokksund over Hønefoss til Roa på Gjøvikbanen som opna i 1909.
Kipptoga over Havnebanen var eit kjent innslag i bybildet, ettersom toget blokkerte biltrafikken idet det passerte Rådhusplassen. Der toga kryssa og blokkerte all biltrafikk på den tidlegare så sterkt trafikkerte Rådhusplassen, og elles kryssa gater, skulle det gå ein mann med raudt flagg framfor lokomotivet for å varsle bilistane og stogge trafikken, samstundes som lokomotivføraren skulle varsle trafikantane med ei klokke på lokomotivet.
Godstoget over Rådhusplassen vart nytta i handlinga i to Olsenbanden-filmar.
No er delar av traseen forbi festningsmurane gjort om til park, der òg minnesmerket for jødane som vart deportert under andre verdskrig er plassert.
.
Linjekart
[endre | endre wikiteksten]Teiknforklaring | |||
Skøyen-Filipstadlinja, opphavleg Drammenbanen | |||
endepunkt frå 1935 | |||
Filipstadkaia | |||
Filipstad | |||
Akers mekaniske verksted, Tjuvholmen | |||
2,20 km | endepunkt til 1935 | ||
sporet gjekk i offentlege gater | |||
Oslo V | |||
Festningen | |||
1,50 km | Vippetangen (1907) | ||
sidespor til Langkaia og Tollbukaia | |||
Havnelageret | |||
Oslo Ø | |||
0,00 km | endepunkt til 1967 | ||
til Østfoldbanen | |||
Loenga endepunkt frå 1967 |
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |