Jade North
Utsjånad
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Jade Bronson North | ||
Fødd | 7. januar 1982 | ||
Fødestad | Taree | ||
Høgd | 180 cm | ||
Posisjon | Høgreback / midtstoppar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Wellington Phoenix | ||
Nummer | 4 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1998 1999 |
Queensland Academy of Sport Australian Institute of Sport | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1998-2001 2001-03 2003-04 2005-09 2009 2010 2010- |
Brisbane Strikers Sydney Olympic Perth Glory Newcastle Jets Incheon United Tromsø Wellington Phoenix |
48 (3) 59 (3) 22 (0) 75 (2) 9 (0) 6 (0) 0 (0) | |
Landslag | |||
2004-08 2002- |
Australia U23 Australia |
15 (1) 28 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 25. mai 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 25. februar 2010 |
Jade Bronson North (fødd 7. januar 1982 i Taree i New South Wales) er ein australsk fotballspelar av aboriginsk opphav som spelar i forsvar for Wellington Phoenix i den newzealandsk-australske A-ligaen, og for det australske landslaget. Våren 2010 spelte han for Tromsø i den norske Tippeligaen.
North budde i New Zealand til han var 11 år gammal. I 2007 var han klubbkaptein då Newcastle Jets vann den australske ligameisterskapen. Han tok del i den australske troppen til sommar-OL i 2004 og 2008. Før 2010-sesongen vart han kjøpt av Tromsø IL, etter å ha spelt i den sørkoreanske klubben Incheon United i K-ligaen. Han fekk kontrakt til august 2010.