Hopp til innhald

Knut Bergsland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Bergsland
Fødd7. mars 1914
Oslo
Død9. juli 1998
NasjonalitetNoreg
Områdespråkvitskap, samiske språk
Yrkelingvist, eskimolog, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Knut Bergsland (7. mars 19149. juli 1998) var ein norsk språkforskar og var professor i fennougristikk ved Universitetet i Oslo frå 1947 til 1981. Han debuterte som språkforskar med den historisk orienterte artikkelen L'alternance consonantique date-t-elle du lapon commun? i 1945. Avhandlinga hans, Røroslappisk grammatikk (1946), ein studie i glossematikk med sørsamisk som eksempelspråk, er framleis referansegrammatikken over sørsamisk. Bergsland sjølv deltok heller ikkje i den strukturalistiske debatten etter at han hadde publisert grammatikken sin. Mangelen på interesse for arbeidet hans frå andre teoretiske lingvistar og mangelen på interesse for strukturalismen frå dei finskugriske kollegaene hans kan vere grunnen til at han gjekk attende til det junggrammatiske paradigmet.

Etter revolusjonen i 1917 var Sovjetunionen i praksis avstengt for vestlege språkforskarar, noko som gjorde det vanskeleg å drive samanliknande uralsk språkforsking. Bergsland vende merksemda vestover og skreiv viktige arbeid innanfor eskimologi, mellom anna ein historisk grammatikk over grønlandsk, og grammatikk, ordbok og tekstsamling for aleutisk.

Av praktisk språkarbeid kan ein nemne at Bergsland står bak den felles norsk-svenske rettskrivinga for nordsamisk frå 1948, Bergsland–Ruong-rettskrivinga, i lag med Israel Ruong, og med rettskrivinga for sørsamisk, Bergsland–Bull-rettskrivinga, i lag med Ella Holm Bull. Bergsland vart flittig brukt som sakkyndig i ulike tvister mellom samar og nordmenn i etterkrigstida, særleg i ein mangeårig konflikt mellom bønder og samar i Trøndelag der norske historikarar og språkforskarar (særleg Jørn Sandnes og Ola Stemshaug) meinte at nordmennene «kom først», og at sørsamane dukka opp i Trøndelag først på 1700-talet (den perioden då dei dukka opp i kyrkjebøkene). I desse rettssakene viste Bergsland at det av språkhistoriske grunnar umogleg kunne stemme – sørsamisk har skild seg frå dei andre samiske språka på eit langt tidlegare tidspunkt. Eit anna viktig vitneprov kom frå Inger Zachrisson, ein svensk arkeolog som kunne påvise samiske steinaldergraver langt sør i Sverige.

Viktige arbeid

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]