Kvarts
Kvarts | |||
Kvartskrystall frå Tibet | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Silikatmineral | ||
Kjemisk formel | SiO2 | ||
Strunz-klassifisering | 04.DA.05 | ||
Dana-klassifisering | 75.01.03.01 | ||
Krystallsymmetri | Trigonal 32 | ||
Einingscelle | a = 4.9133 Å, c = 5.4053 Å; Z=3 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus via forskjellige fargar til svart | ||
Krystallform | 6-sida prisme som endar i 6-sida pyramide (typisk), druseaktig, finkorna til mikrokrystalllinsk, massiv | ||
Krystallsystem | α-kvarts: trigonal trapesoederklasse 3 2; β-kvarts: heksagonal 622[1] | ||
Tvilling | Vanleg Dauphine-lov, Brasil-lov og Japan-lov | ||
Kløyv | {0110} Utydeleg | ||
Brot | Muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 7 – lågare i ureine varietetar (definerande mineral) | ||
Glans | glasaktig – voksaktig til matt når massive | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til nesten ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 2.65; varierande mellom 2.59–2.63 i ureine varietetar | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.543–1.545 nε = 1.552–1.554 | ||
Dobbeltbryting | +0.009 (B-G-intervall) | ||
Pleokroisme | Ingen | ||
Smeltepunkt | 1670 °C (β tridymitt) 1713 °C (β cristobalitt)[1] | ||
Oppløyselegheit | Uoppløyseleg ved STP; 1 ppmmass ved 400 °C og 500 lb/in2 til 2600 ppmmass ved 500 °C og 1500 lb/in2[1] | ||
Andre eigenskapar | Piezoelektrisk, kan vere triboluminescent, chiral (optisk aktiv viss ikkje racemisk) | ||
Kjelder | [2][3][4][5] |
Kvarts er eit mineral laga av silisiumdioksid (SiO2). Mineralet er kvitt eller gjennomsiktig, men kan få farge av andre materiale. Kvarts er nest etter feltspat det mest utbreidde mineralet i jordskorpa og finst både i magmatiske bergartar (granitt, granittpegmatitt o.l.), i metamorfe bergartar (gneis, kvartsitt o.l.), i sedimentære bergartar (sandstein, kvartskonglomerat) og i lausavsetningar (sand).
Vanleg kvarts er kvit (mjølkekvarts) eller fargelaus (bergkrystall, òg kalla dvergstein). Farga varietetar er røykkvarts eller morion (brunleg til mørkebrun), citrin (gul), ametyst (fiolett), rosenkvarts (rosa) og blåkvarts (blå). Alle desse kan brukast som smykkesteinar. Varietetar med inneslutninger er jernkisel (jernoksid), aventurin (kloritt eller glimmer) og rutilkvarts (rutil)
Rosenkvarts inneheld små mengder mangan, som gjev ein rosa farge. Rosenkvarts er kjent frå fleire granittpegmatittar i Iveland-Evje-området og til dømes Meløy i Nordland.
Ein kan bruka kvarts som råvare til å laga porselen og glas.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Raade, Gunnar. (12. mars 2012). Kvarts. Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Deer, W. A., R. A. Howie and J. Zussman, An Introduction til the Rock Forming Minerals, Logman, 1966, s. 340–355 ISBN 0-582-44210-9
- ↑ Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C. (red.). «Quartz». Handbook of Mineralogi (PDF). III (Halides, Hydroksids, Oxides). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209724.
- ↑ Quartz. Mindat.org. Retrieved on 2013-03-07.
- ↑ Quartz. Webmineral.com. Retrieved on 2013-03-07.
- ↑ Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis (1985). Manual of Mineralogi (20 utg.). ISBN 0-471-80580-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kvartsvariantar Arkivert 2014-01-19 ved Wayback Machine.