Malayisk
Malayisk Bahasa Malaysia Bahasa Melayu Bahasa Malay بهاس ملايو | ||
Klassifisering | Austronesiske språk Malayo-polynesisk | |
Talarar | malayar | |
Bruk | ||
Tala i | Malaysia Thailand Filippinane Singapore Indonesia Brunei | |
Malayisktalande i alt | 200–300 millionar | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Malaysia Brunei Singapore | |
Normert av | Dewan Bahasa dan Pustaka i Malaysia og Brunei | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ms | |
ISO 639-3 | msa | |
Wikipedia på malayisk |
Malayisk (Bahasa Melayu eller Bahasa Malaysia) er eit malayo-polynesisk språk. Malayisk er særs likt indonesisk, lokalt kjent som Bahasa Indonesia, det offisielle språket i Indonesia. Den offisielle standarden for malayisk, som Indonesia, Malaysia og Brunei har vorte samde om, er den varianten som blir snakka på Riau-øya rett sør for Singapore, som lenge har vore sett på som det malayiske språket sin årestad.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Malayisk er brukt som morsmål av malayane i Malaysia, søre delar av Thailand, Filippinene, Singapore, sentrale austre Sumatra, Riau-øyane og delar av Borneos kyst. Det er offisielt språk i Malaysia, Brunei og Singapore. Det blir òg nytta som arbeidsspråk i Austtimor.
I Malaysia blir det òg nytta som lingua franca for andre folkegrupper, blant dei kinesarar og indarar.
Som morsmål og andrespråk blir malayisk tala av 200-300 millionar menneske.
Skrift
[endre | endre wikiteksten]Malayisk blir vanlegvis skrive med latinsk alfabet, men ein modifisert variant av det arabiske alfabetet, kalla jawi, finst òg.
Grammatikk
[endre | endre wikiteksten]Malayisk er eit agglutinerande språk, og nye ord kan formast på tre måtar.
- Nye ord kan dannast ved å leggje affiks til eit rotord
- Det er mogleg å lage samansette ord
- Det er mogleg å lage nye ord ved reduplikasjon, det vil seie repetisjon av ord eller delar av det
Fleirtal blir ofte uttrykt ved hjelp av reduplikasjon, men berre i dei tilfella der det ikkje allereie kjem fram av konteksten.
Ordrekkefølgja er subjekt - verb - objekt. Adjektiv, demonstrativ og eigedomspronomen følgjer det substantivet dei skildrar.
Normering
[endre | endre wikiteksten]Dewan Bahasa dan Pustaka («Instituttet for språk og litteratur») er i dag ansvarleg for å koordinere bruken av malayisk språk i Malaysia og Brunei.