Hopp til innhald

Sumatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sumatra
øy
Land  Indonesia
Del av De store Sundaøyer
Areal 473 481 km²
Folketal 60 000 000 (2021)[1]
Kart
Sumatra
0°00′00″N 101°59′49″E / 0°N 101.997°E / 0; 101.997
Topografisk kart over Sumatra, med Malayhalvøya øvst på kartet.
Topografisk kart over Sumatra, med Malayhalvøya øvst på kartet.
Topografisk kart over Sumatra, med Malayhalvøya øvst på kartet.
Wikimedia Commons: Sumatra

Sumatra er den største øya i Indonesia. Ho har ei flatevidd på 473 481 km2, og er den sjette største øya i verda. Største byen på øya er Medan, med rundt 1,7 millionar ibuarar (2,5 mill. med forstader).

Sumatra ligg sør for Malayahalvøya, med Malakkasundet imellom, nordvest for Java, der Sundasundet skil, og vest for Borneo, med Karimatasundet som grense. Vidare vest for øya ligg Indiahavet.

Ekvator går gjennom Sumatra om lag på midten, og øya har derfor eit tropisk klima. I vest på øya ligg dei vulkanske Barisanfjella, rike på kol og gull og med vakre utsyn. Austdelen er prega av elvar og sumplandskap der ein hentar ut olje, både frå palmetre og frå bakken.

Administrasjon

[endre | endre wikiteksten]

Fylka (eller provinsane) på Sumatra og småøyane rundt er

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sumatra
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.