Midhordland
- For rutebåten, sjå MS «Midthordland».
Midthordland (Midhordland) er eit område som omfattar den midtre delen av kyst- og fjordstrøka i Hordaland fylke.
Området, slik det oftast vert definert i dag, ligg mellom Selbjørnsfjorden, Langenuen og Bjørnafjorden i sør og Fedjeosen, Hjeltefjorden, Herdlafjorden og Sørfjorden ved Osterøy i nord. Det strekkjer seg austover til fjellområda på grensa mot Kvam herad i Hardanger. Midhordland var tidlegare ei administrativ eining i kyrkjeleg og rettsleg samanheng. Midthordland prosti var sett saman av kommunane Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Os, Fusa, Samnanger og Øygarden på 1320 km2. Prostiet vart lagt ned i 2014, og kommunane (sokna) vart førte over til andre prosti. Midhordland utgjorde også eit tingrettsdistrikt svarande til prostiet, med unntak av Øygarden. Kommunane i Midthordland er no lagde under Bergen tingrett.
Av kommunane i Midthordland ligg Bjørnafjorden, Samnanger og Bergen på fastlandet, medan dei andre ligg berre på øyar. Tettast busetnad utanom Bergen er det i kommunane Askøy, Øygarden (gamle Fjell) og Bjørnafjorden (gamle Os) som alle har mykje pendling til Bergen. Austevoll er knytt til Krokeide i Fana ved bilferje. Elles har alle dei store øyane har ferjefritt vegsamband med Bergen. Dette har ført med seg ein sterk folkeauke.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det var sorenskriveri-inndelinga frå 1847 som var opphavet til omgrepet "Midthordland". Før det var distriktet delt mellom Sunnhordland og Nordhordland. Grensa mellom dei tidlegare futedøma gjekk i Korsfjorden og Lysefjorden, og vidare over land mellom Os og Samnanger sørom grensa og Fana og Haus nordom.
Kommunar i Midthordland
[endre | endre wikiteksten]Nr | Våpen | Namn | Folketal | Flatemål | Målform |
---|---|---|---|---|---|
4601 | Bergen kommune | 465 | Nøytral | ||
4623 | Samnanger kommune | 269 | Nynorsk | ||
4624 | Bjørnafjorden kommune | 517 | Nynorsk | ||
4625 | Austevoll kommune | 117 | Nynorsk | ||
4626 | Øygarden kommune | 315 | Nynorsk | ||
4627 | Askøy kommune | 100 | Nøytral |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Midhordland» i Store norske leksikon, snl.no.