Open Your Eyes av Yes
Open Your Eyes av Yes Studioalbum av Yes | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. november 1997 | |
Innspelt | Sommaren 1997 | |
Sjanger | ||
Lengd | 74:12 | |
Selskap |
| |
Produsent | Yes | |
Yes-kronologi | ||
---|---|---|
Keys to Ascension 2 (1997) |
Open Your Eyes av Yes | The Ladder (1999)
|
Singlar frå Open Your Eyes | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Entertainment Weekly | C+[2] |
Vox | [3] |
Open Your Eyes er det femtande studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i november 1997. Dette er det første albumet der Billy Sherwood medverkar som fulltidsmedlem av bandet etter at Rick Wakeman forlet bandet tidleg i 1997. Dette er òg det første albumet der Igor Khorosjev medverkar, her berre som studiomusikar.
Albumet kom på 151. plass på Billboard 200 i USA.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Opphavleg vart innspelingane starta som eit samarbeide mellom Chris Squire og Billy Sherwood, men Jon Anderson vart såpass imponert over materialet at han ynskte å synge på albumet. Etter kvart kom òg Steve Howe og Alan White med i prosjektet, og ein avgjorde at dette skulle bli det neste Yes-albumet.
Trass i entusiasmen til medlemmane for materialet, var dei ikkje nøgd med sluttresultatet. Det vart i følgje Anderson og Howe for kommersielt og lett, noko dei sjølv tok ein god del av skulda for. Verken publikum eller kritikarar var særleg imponert over utgjevinga, og albumet vart straks rekna som eit av dei svakaste til bandet, sjølv om det finst einskilde lyspunkt her òg.
Roger Dean står nok ein gong bak platecoveret, denne gongen med eit noko minimalistisk bidrag. Coveret består av den klassiske Yes-logoen i raude nyansar på svart bakgrunn.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Jon Anderson, Steve Howe, Billy Sherwood, Chris Squire og Alan White..
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «New State of Mind» | 6:00 |
2. | «Open Your Eyes» | 5:14 |
3. | «Universal Garden» | 6:17 |
4. | «No Way We Can Lose» | 4:56 |
5. | «Fortune Seller» | 5:00 |
6. | «Man in the Moon» | 4:41 |
7. | «Wonderlove» | 6:06 |
8. | «From the Balcony» | 2:43 |
9. | «Love Shine» | 4:38 |
10. | «Somehow, Someday» | 4:47 |
11. | «The Solution» | 23:47 |
Total lengd: | 74:12 |
- Spora «The Solution» og «The Source» er ikkje delt opp, men er eit 23 minutt og 47 sekund samanhengande spor. «The Source» består først av to minutt med stille, så 16 minutt og 21 sekund med naturlydar og eit lydcollage med korte acapella-versjonar av dei øvrige songane på albumet.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jon Anderson – vokal
- Chris Squire – bass, vokal, munnspel
- Steve Howe – elektrisk og akustisk gitar, banjo, mandolin, vokal
- Billy Sherwood – keyboard, gitar, vokal
- Alan White – trommer, perkusjon
Studiomusikarar
[endre | endre wikiteksten]- Igor Khoroshev – keyboard på spor 1, 4 og 5
- Steve Porcaro – keyboard på spor 2
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hill, Gary. Open Your Eyes review allmusic.com. Henta 22. februar 2020.
- ↑ Eddy, Chuck (28. november 1997). «Open Your Eyes: Music review: Entertainment Weekly». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 13. oktober 2012. Henta 22. februar 2020.
- ↑ Ewing, Jerry. Vox, Februar 2008. Albums. YES - Open Your Eyes P. 77
- Denne artikkelen bygger på «Open Your Eyes» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Allmusic.com Arkivert 2010-02-11 ved Wayback Machine.
- Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002