Retrovirus
Retrovirus | |
Systematikk | |
Rike: | Pararnavirae |
Rekkje: | Artverviricota |
Klasse: | Revtraviricetes |
Orden: | Ortervirales |
Familie: | Retrovirus Retroviridae |
Retrovirus (Retroviridae) er ein familie av enkelttråda RNA-virus som nyttar dobbelttråda DNA som mellomsteg i økslinga. Dei har membranar[1] og positiv RNA-polaritet, og vert delte inn i dei to underfamiliane Orthoretrovirinae og Spumavirinae. DNA-utgåva av genomet til retrovirus har ein storleik på mellom 8 og 12 kilobasar, avhengig av virus. Dei har ryggradsdyr som vertar, inkludert pattedyr, fiskar, fuglar, krypdyr og amfibium.[2]
HIV-viruset er eit døme på eit retrovirus.[2]
Øksling
[endre | endre wikiteksten]Under økslinga nyttar retrovirus enzymet revers transkriptase (oppdaga i 1970) til å laga eit DNA-mellomsteg. Ein integrase vert deretter nytta til å lima inn mellomsteget i genomet til sella som vert infisert, og lagar slik eit provirus.[2][3] Denne prosessen lagar brot i DNA-molekylet proviruset vart sett inn i og som truleg lyt vølast av protein frå vertssella.[4] Etter innsetjinga i vertssellegenomet kan proviruset styra avskriving av DNA.[2]
Retroviruspartiklar knoppar seg ut av sellemembranen til ei vertsselle i ei umogen form. Fleire steg katalyserte av virusproteasar gjer partikkelen mogen slik at han kan gå inn i nye vertsseller.[5]
Alle retrovirus har dei tre gena gag, pro, pol og env.[2] gag kodar for strukturelle protein.[5] pro kodar for virusproteasen.[2] pol kodar for revers transkriptase og integrase.[2] env kodar for glykoprotein i virusmembranen som gjer det mogeleg for viruset å gå inn i ei vertsselle.[2][6]
Indre retrovirus
[endre | endre wikiteksten]Om sella retroviruset infiserer er ei kjønnsselle, kan det innsette virusgenomet gå i arv over fleire generasjon. Slike sekvendar vert kalla indre (endogene) retrovirus. Det er vanleg at genoma til ryggradsdyr inneheld hundretusenvis av uverksame DNA-sekvensar frå retrovirusgenom.[2] Det er rekna at 5 til 8 % av menneskegenomet er slike restar etter genoma til retrovirus.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ryu, Wang-Shick (2017). «Retroviruses». Molecular Virology of Human Pathogenic Viruses. s. 227. ISBN 9780128008386. doi:10.1016/B978-0-12-800838-6.00017-5.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Johnson, Welkin E (2015). «Endogenous Retroviruses in the Genomics Era». Annual Review of Virology 2 (1): 135–59. PMID 26958910. doi:10.1146/annurev-virology-100114-054945. Arkivert frå originalen 12. april 2020. Henta 19. desember 2017.
- ↑ Coffin, John M; Fan, Hung (2016). «The Discovery of Reverse Transcriptase». Annual Review of Virology 3 (1): 29–51. PMID 27482900. doi:10.1146/annurev-virology-110615-035556. Arkivert frå originalen 9. juli 2019. Henta 19. desember 2017.<
- ↑ Yang, Yi-Xin; Guen, Vincent; Richard, Jonathan; Cohen, Eric A; Berthoux, Lionel (2010). «Cell context-dependent involvement of ATR in early stages of retroviral replication». Virology 396 (2): 272. PMID 19913868. doi:10.1016/j.virol.2009.10.032.
- ↑ 5,0 5,1 Mattei, Simone; Schur, Florian KM; Briggs, John AG (2016). «Retrovirus maturation—an extraordinary structural transformation». Current Opinion in Virology 18: 27–35. PMID 27010119. doi:10.1016/j.coviro.2016.02.008.
- ↑ Benit, L; Dessen, P; Heidmann, T (2001). «Identification, Phylogeny, and Evolution of Retroviral Elements Based on Their Envelope Genes». Journal of Virology 75 (23): 11709. PMID 11689652. doi:10.1128/JVI.75.23.11709-11719.2001. Arkivert frå originalen 21. april 2018. Henta 19. desember 2017.
- ↑ Belshaw, R; Pereira, V; Katzourakis, A; Talbot, G; Paces, J; Burt, A; Tristem, M (2004). «Long-term reinfection of the human genome by endogenous retroviruses». Proceedings of the National Academy of Sciences 101 (14): 4894. Bibcode:2004PNAS..101.4894B. doi:10.1073/pnas.0307800101.