SAAB 9-5
SAAB 9-5 er ein bilmodell frå svenske SAAB. Bilen vert levert som sedan eller stasjonsvogn som kallast Estate. Han erstatta i utgangspunktet SAAB 9000, medan dei to bilmodellane vart selt parallelt det fyrste året. «Niofemman», som svenskane kallar han, vart teikna av nordmannen Einar J. Hareide.
Historie
[endre | endre wikiteksten]SAAB 9-5 sedan vart introdusert i 1997. Det var den fyrste bilen med aktive nakkestøtter.[treng kjelde] Tryggleiksomdømet var kanskje ein av grunnane til at 9-5 sedan vart ein suksess i USA.[treng kjelde] I 1999 kom 9-5 Estate. SAAB 9-5 vart oppgradert med modifisert bakaksel i 1998, og 2002-modellen fekk ei formendring. Siste formendring kom i 2006 då 9-5 blant anna fekk ny markant front.
Utstyrsversjonar
[endre | endre wikiteksten]Dei fyrste åra vart 9-5 levert som S eller SE og Aero. Aero vert levert med berre ein motorstorleik, med 230 hk. SE-utgåva hadde klimaautomatikk. Etter ei formendring i 2002 kom utstyrsvariantane Linear, Arc, Vector og Aero.
Motorar
[endre | endre wikiteksten]Det har aldri vorte levert undermotoriserte variantar av 9-5.[treng kjelde] Ved introduksjonen var ein to liters lågtrykksturbomotor på 150 hk den minste motoren. SAAB 9-5 har alltid hatt turbo på alle motoralternativa:
- 2.0 t - 150 hk Eco R4
- 2.3 t - 170 hk Eco R4
- 2.3 t - 185 hk R4
- 2.3 T - 230 hk R4 Aero (250 hk etter ei formendring 2002 og 260 hk etter ei formendring i 2006)
- 3.0 t - 200 hk V6 (GM Opel - Låvtrykksturbo)
- 1.9 TiD - 120 hk R4 Diesel (Fiat)
- 1.9 TiD - 150 hk R4 Diesel (Fiat)
- 2.2 TiD - 120 hk R4 Diesel (GM - Opel)
- 3.0 TiD - 177 hk V6 Diesel (GM - Isuzu)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Heimesida til Saab
- Test av Saab 9-5 (2011) Arkivert 2018-04-08 ved Wayback Machine., www.motorguiden.no