Seil i Skottland
Seil | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 56°18′N 5°37′W / 56.30°N 5.62°W |
Øygruppe | Indre Hebridane
|
Areal | 13,29 km²
|
Høgaste punkt | Meall Chaise (146 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Argyll and Bute |
Største busetnad | Ellenabeich
|
Demografi | |
Folketal | 560 (2001) |
Folketettleik | 42,1 /km² |
Seil (skotsk-gælisk Saoil) er ei øy i Slate Islands på austsida av Firth of Lorn, 11 km sørvest for Oban i Skottland.
Seil har vore landfast til det skotske fastlandet sidan 1792 då Clachan Bridge vart bygt av ingeniør Robert Mylne. Ho vert òg kalla «Brua over Atlanteren» og er framleis i bruk i dag. Tidleg på sommaren er ho dekt av revebjøller.
Den største landsbyen på Seil er den tidlegare gruvelandsbyen Ellenabeich, der delar av Ring of Bright Water vart filma. Ellenabeich Heritage Centre opna i 2000 og vert drive av Scottish Slate Islands Trust. Senteret ligg i eit tidlegare gruvearbeidarhus og syner livet her på 1800-talet med gruvedrift, lokalt plante- og dyreliv og geologi.[1] Ein annan landsby er Balvicar. Det går båtsamband frå Ellenabeich til Easdale og frå Cuan på øya til Luing.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Seil» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Ellenabeich Heritage Centre». Gazetteer for Scotland. Henta 20. februar 2010.