Xenon
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Generelle eigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Namn, kjemisk symbol, atomnummer |
Xenon, Xe, 54 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemisk serie | Edelgass | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Gruppe, periode, blokk | 18, 5, p | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tettleik, hardleik | 5,9 kg/m3, (ikkje SI) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utsjånad | Fargelaus | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Atomeigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Atommasse | 131,293 u (ikkje SI) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Atomradius (berekna) | ? (108) pm | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kovalent radius | 130 pm | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ioneradius | (?) pm (ladning: 0) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
van der Waals radius | 216 pm | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektronkonfigurasjon | [Kr]4d105s25p6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektron per energinivå | 2, 8, 18, 18, 8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oksidasjonstrinn (oksid) | 0, +2, +4, +6 (svak syre) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Krystallstruktur | Kubisk flatesentrert | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fysiske eigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilstandsform | Gass | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Smeltepunkt | 161,4 K (−111,8°C) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kokepunkt | 165,1 K (−108,1°C) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Molart volum | 22200 cm3/mol | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fordampingsvarme | 12,636 kJ/mol | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Smeltevarme | 2,297 kJ/mol | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Damptrykk | (?) Pa ved K | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ljodfart | 1090 m/s ved −110 °C | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Diverse eigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektronegativitet | 2,6 (Paulings skala) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Spesifikk varmekapasitet | 158 J/(kg·K) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektrisk konduktivitet | (?) MS/m | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Termisk konduktivitet | 0,00569 W/(m·K) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ioniseringspotensial | 1170,4 kJ/mol 2046,4 kJ/mol 3099,4 kJ/mol | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mest stabile isotopar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt |
Xenon er eit grunnstoff med atomnummer 54 og kjemisk symbol Xe. Det er ein fargelaus og luktfri edelgass. Små mengder xenon finst i atmosfæren.
Spesielle kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Som edelgass har xenon ingen valenselektron og er derfor som regel i gassform som sjeldan reagerer med andre atom. Xenongass samla i ein kolbe og tilført elektrisk lading vil gløda blått.
Ein har klart å skapa metallisk xenon ved hjelp av eit trykk på fleire gigapascal. Xenonmolekyl kan òg danna innesluttingssambindingar med vatn dersom dei blir fanga i eit nettverk av vassmolekyl.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Xenon vart oppdaga av William Ramsay og Morris Travers i 1898 som solide restar etter at flytande luft hadde fordampa. Namnet xenon er gresk og tyder utlending eller ukjend.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Xenon vert brukt i lysrøyr, der det gir ein blåfiolett farge.
I høge konsentrasjonar kan xenon brukast som narkosemiddel.
Den radioaktive isotopen 133Xe blir brukt i diagnose av lungefunksjon.
I dei siste åra har Xenon vorte brukt i romfart som drivmiddel i såkalla Ionemotorar. Her blir Xenon ionisert og sendt i stor fart ut av motoren. Slike motorar er drivne av elektisitet frå solpanel eller frå ein kjernereaktor, til skilnad frå kjemiske rakettmotorar der energien er i drivstoffet sjølv. Ionemotorar skil seg frå rakettmotorar ved at dei ha svært låg effekt men er svært effektive, og vil derfor kunne virke i lang tid av gangen. Slike mototar har vorte brukt blant anna I NASA sitt «deep impact»-program og i ESA sin SMART-1 sonde.
Kjemi
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om Xenon er ureaktiv, kan ein likevel danne Xenonsambindingar med Fluor og Oksygen, slik som XeF2, XeF4, XeF6, XeO3 og XeOF4. Alle er kraftige oksydasjonsmiddel, og er kommersiellt tilgjengelege.