Faktaboks

Þingeyrar
Etymologi
norrønt Þing, ‘tingstad’ og eyri, ‘ør, tange’
Þingeyrarkirkja
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Þingeyrar er ein kyrkjestad nord på Island, sør for byen Blönduós. Her låg frå 1133 til reformasjonen i 1550 Islands eldste benediktinarkloster. Klosteret var i mellomalderen eit kultursentrum; her skreiv abbed Arngrim Brandsson sagaen om biskop Gudmund Arason på Hólar, som mellom anna inneheld den eldste kjente omtalen av Island. Islendingesagaen Heiðarvíga saga er òg meint å vere nedskrive her.

Þingeyrar har ei kyrkje frå 1864-1877 med altertavle frå 1200-tallet og preikestol frå 1696.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg