Tilbake til artikkelen

Tilbake til historikken

Magnus Lagabøtes landslov

Versj. 7
Denne versjonen ble sendt inn av Sverre Olav Lundal 1. november 2016. Den ble godkjent av Jon Gisle 2. november 2016. Artikkelen endret 283 tegn fra forrige versjon.

Landslova er ei lovbok for Noreg som tredde i kraft i 1274. Landslova avløyste dei fire landskapslovene for Frostating, Gulating, Eidsivating og Borgarting, og gjorde at Noreg fekk ei felles lovbok. Lovboka vart òg nytta på Orknøyane, Shetland og Færøyane, medan Island fekk ei eiga lovbok i 1281.

Historia om Landslova tok truleg til med eit større lovreformarbeid alt under kong Håkon 4 Håkonsson si regjeringstid mellom 1217 og 1263. Kong Magnus 6 Håkonsson, vidareførte arbeidet. Han fekk seinare tilnamnet Lagabøtar (lovforbetraren) som følgje av lovarbeidet.

Landslova var ei av få riksdekkjande lovbøker som vart gjevne i Europa i høgmellomalderen. I tillegg gav Magnus Lagabøtar ei bylov i 1276, ei hoff- og administrasjonslov ca. 1277, og den islandske lovboka av 1281. Bylova og den islandske lovboka bygde på Landslova, og var berre delvis sjølvstendige lovbøker.

Landslova bygde på ein romersk lovgjevingstradisjon, og kom til etter inspirasjon frå lovgjevingsarbeid i Castilla. Ho fornya norsk rett i høgmellomalderen og knytte ho til europeisk rettsutvikling. Ho var òg viktig for etableringa av ein norsk identitet innan ulike politiske rammer, fram til ho vart avløyst av Christian 5s norske lov i 1687.

Inspirasjonen til lovreformasjonsarbeidet kan knyttast til relasjonane og kontakta kong Håkon 4 oppretta med styresmaktene i Castilla i Spania. I 1258 vart prinsesse Kristina, dottera til kong Håkon 4, gift med prins Filipus, bror av kong Alfons 10. 100 personar frå kong Håkon 4 sitt hoff reiste til Castilla i samband med giftingsferda. Her fekk dei kjennskap til arbeidet med det lovverket som skulle verta kjent som Las Siete Partidas. Dette var det største og mest imponerande lovverket i Europa etter samlinga av romersk rett 529–534 i det som vart heitande Corpus Juris Civilis, og før Landrecht für die preußischen Staaten av 1794.

Tanken om å regulera mange samfunnsområde gjennom lovgjeving, vaks i mellomalderen fram med studiet av romersk rett på nord-italienske universitet frå midten av 1100-talet. Den fyrste europeiske monark til å gje ei lovbok for sitt rike, var Fredrik 2 av Sicilia i 1231. Hans lovbok stod likevel mest i same fredslovgjevingstradisjonen. Det vil seia at den var mest retta mot straff og prosess, og i mindre grad regulerte andre samfunnsområde. Den andre monarken som gav ei lovbok som dekte heile riket, var kong Alfonso 10 i 1265. Då medlemmane av det norske hoffet kom heim frå Castilla i 1259, kunne dei fortelja om lovbokarbeidet som var på gang.

Arbeidet med Las Siete Partidas byrja med at ein samla all eksisterande rett i Castilla, og laga eit idégrunnlag for lovreforma. Det same mønsteret følgde ein i Noreg. Rundt 1260 vart Gulatings- og Frostatingslova skriven ned. Då vart òg Kongsspegelen skriven, slik vi kjenner han i dag. Det var eit daningsverk i tre bøker, der tredje boka handlar om kva ein skal ta omsyn til når ein endrar retten. Samla sett ser det difor ut til at det castillanske lovarbeidet vart avgjerande for lovreformarbeidet i Noreg.

Arbeidet med Landslova av 1274 byrjar under styret til kong Håkon 4. Ei samling av hans rettsforbetrande lover er skriven inn som eit innleiande kapitel i eit manuskript av Frostatingslova frå omlag 1260, og vart kalla Den nye lova. Håkon 4 stod i ein europeisk fredslovgjevingstradisjon, og det var særleg den gamle hemnretten han ville til livs. Men Den nye lova endra òg retten på fleire viktige samfunnsområde. Den nye lova av 1260 var ei samanfatning og ei avslutning på eit minst 20 år langt reformarbeid. Samstundes innleidde den det nye, store lovreformarbeidet, som vart avslutta av Magnus 6 Håkonsson (Lagabøtar) omlag 20 år seinare.

Håkon 4 døydde i 1263, og sonen Magnus Lagabøtar tok over styret av Noreg og lovreformarbeidet. I 1267 la Magnus Lagabøtar fram ei revidert lovbok for Gulating, som òg var gjeldande for vesterhavsøyane Orknøyane, Shetland og Færøyane. I 1268 fekk Eidsiva- og Borgarting sine omarbeidde og oppdaterte lovbøker. Men i 1269 avviste Frostating den reviderte lovboka som kongen la fram. Bakgrunnen var at kongen i for stor grad regulerte kristenretten, som erkebiskop Jon Raude meinte berre kyrkja kunne røra ved. I Noreg hadde kongs- og kyrkjemakt tidlegare samarbeidd om utforminga av kristenrettane.

Etter nederlaget på Frostating, leid kongen eit nytt nederlag på Island. Her vedtok Alltinget berre mindre delar av den reviderte lovboka for denne delen av det norske riket. Fyrst i 1273 vart heile lovboka, seinare kalla Jarnsiða, vedtatt. Same året inngjekk kong Magnus Lagabøtar og erkebiskop Jon Raude ein avtale om grensa mellom lovgjevingsmakta til konge og kyrkje. Vinteren 1273–74, medan erkebiskopen var på reise for å få paveleg godkjenning av avtalen, vart Landslova skriven i kanselliet ved kongen sitt slott i Bergen. Likskapane mellom Landslova og Jarnsiða kan forklara at Landslova kunne ferdigstillast på éin vinter, fordi ein bygde på det lovarbeidet som alt vart gjort på 1260-talet.

Landslova var eins for heile riket, med unnatak for Island. På den eine sida bygde Landslova på reglar henta frå dei fire landskapslovene. Heile 90 % av reglane i Landslova byggjer delvis på eldre rett. På den andre sida gjorde dette likevel at kvart av langdøma fekk inn store delar av rett frå dei andre tre lagdøma. Dette førte til ei større rettsendring enn den romerske og kanoniske rett som òg prega Landslova. Vidare vart mange reglar henta frå landskapslovene endra på sentrale punkt. Dette fordi Landslova var tufta på den juridiske differensieringsteknikken som var utvikla med universitetsstudia av romersk og kanonisk rett frå midten av 1100-talet. Det gjorde at dommarane etter Landslova skulle vurdera ei sak frå alle sider, og sjå til at dommen vart så nyansert og tilpassa omstenda at Gud ville vera nøgd med han, som det heiter i Landslova. Dette var eit viktig instrument for å milda dei meir brutale delane av landskapslovene, og var årsak til den store endringa av norsk rett som følgde med Landslova.

Landslova er delt i ni bolkar.

  1. Tingfarebolken – Om rettssystemet
  2. Kristendomsbolken – Om kongsmakta
  3. Landevernsbolken - Om forsvaret av riket
  4. Mannhelgbolken – Om vern av liv og eigedom
  5. Arvebolken – Om ekteskap og arv
  6. Odelsbolken – Om odelsjord
  7. Landsleiebolken – Om rettsforhold knytt til jordeigedom m.m.
  8. Kjøpebolken – Om gjeld, pant og handelsverksemd
  9. Tjuveribolken – Om eigedomsbrotsverk og eid som bevismiddel

Kvar bolk er delt i fleire kapittel, og til saman har Landslova omlag 220 kapittel. Kvart kapittel er igjen sett saman av fleire einskildreglar, og det er samla omlag 1000 lovreglar i Landslova. Det er truleg ikkje tilfeldig at Landslova er delt i ni bolkar. Det same var Codex, slik han vart kjend i mellomalderen. Codex var ei samling keisarleg lovgjeving, og ein del av romarrettsamlinga Corpus Juris Civilis, som vart studert på nord-italienske universitetet frå 1100-talet av. Med å ha same talet på bolkar i Landslova som det var i Codex, ville Magnus Lagabøtar visa at han stod i same lovgjevingstradisjonen som dei romerske keisarane. Dette ser ein òg av at han la til ein tiande bolk med rettarbøter. I Corpus Juris Civilis vart Codex etterfølgd av Novelle. Dette var ei samling av keisarlege lover frå etter Codex var samla i 532 og fram til keisaren Justinian 1, som samla lovene, døydde i 565. Magnus Lagabøtar trong ikkje å samla sine rettsforbetrande lover, fordi dei var alt tatt inn i sjølve Landslova. Men han gjorde det for at Landslova med rettarbøter skulle vera ein parallell til Codex med Novelle.

Ein har ikkje bevart noko originalmanuskript av Landslova frå 1274. Dei to eldste manuskripta er fyrst frå slutten av 1200-talet. Dermed kan ein ikkje vita sikkert kva innhald Landslova hadde i 1274. I dag er det bevart 35 manuskript av Landslova frå 1350 eller tidlegare. Dei fleste er bundne saman med andre lovtekstar og anna materiale. I tillegg finst det omlag 50 unike manuskriptfragment. Det er til dels store variasjonar mellom manuskripta både når det gjeld innhald og disposisjon. Dette var ein klar over alt i høgmellomalderen, Det er difor ikkje overraskande at Landslova ikkje vart brukt etter sin bokstav, for den varierte frå manuskript til manuskript. Men Landslova vart nytta etter si ånd. Det store talet på bevarte manuskript og unike manuskriptfragment gjer det mogeleg at det i 1350 fanst eitt manuskript av Landslova per 1200 innbyggjarar i det norske riket. Dette indikerer stor popularitet og bruk. Det vart etter Magnus Lagabøtar død i 1280 og fram til 1350 gjort ein heil serie lovvedtak for heile eller delar av det norske riket. Dette indikerer at Landslova var byrjinga på ein lovgjevingstradisjon som raskt fekk stor legitimitet. Landslova verka òg samlande, og vart ei kjelde til norsk identitet innan ulike politiske rammer.

Magnus Lagabøtar følgde opp arbeidet med Landslova på fleire hald. I 1276 gav Magnus Lagabøtar ei bylov for Bergen, som seinare vart gjeven for dei andre byane òg. Bylova bygde på Landslova, men ein stad mellom 30 og 50 % av reglane er ulike. Ein gong på 1270-talet, mogelegvis i 1277, gav kongen Hirðskrá. Hirðskrá kan ein kalla ei hoff- og administrasjonslov, sidan den hadde reglar om medlemmane av kongen sitt hoff og hans tenestemenn. Denne lovboka er ikkje meir omfattande enn dei lengste av bolkane i Landslova.

Magnus Lagabøtar rakk òg å avslutta arbeidet med ei ny lovbok for Island før han døydde i 1280. Lovboka, som seinare er kalla Jónsbók, vart vedtatt av Alltinget i 1281.

Medan Landslova av 1274 i 1687 vart avløyst av Christian 5s norske lov, var Bylova av 1276 gjeldande rett til Christian 4s birkerett frå 1621, Hirðskrá av ca. 1277 var formelt gjeldande til Kongelova av 1665, og mindre delar av Jónsbók frå 1281 gjeld framleis på Island i dag.

  • Magnus Lagabøters Landslov, i omsetjing av Absalon Taranger frå 1915. Les i bokhylla.
  • Magnus Lagabøtars Landslov, i norrøn utgåve av Rundolf Keyser og P.A. Munch frå 1848. Les i bokhylla.

Brink, Stefan; Collinson, Lisa. 2014. New Approaches to Early Law in Scandinavia. Brepols. 200 sider. ISBN: 978-2-503-54754-1.

Rindal, Magnus: "Dei norske mellomalderlovene", i Magnus Rindal (red.): Skriftlege kjelder til kunnskap om nordisk mellomalder, KULTs skriftserie nr. 38, Oslo 1995, s. 7-20.

Sunde, Jørn Øyrehagen. 2014. Norwegian Constitutionalism and the Code of 1274. Chapter 10, sider 165-185. I: Sunde, Jørn Øyrehagen. 2014. Constitutionalism Before 1789 - Constitutional Arrangements from the High Middle Ages to the French Revolution. Pax Forlag. 288 sider. ISBN: 978-82-530-3636-6.

Sunde, Jørn Øyrehagen. 2014. Daughters of God and counsellors of the judges of men – a study in changes in the legal culture in the Norwegian realm in the High Middle Ages. Kapittel 8, sider 131-183. I: Opsahl, E. (2009). I hvilken grad oppstod norsk nasjonalfølelse og identitet i middelalderen?. In: S. Edquist, L. Hermanson and S. Johansson, ed., Tankar om ursprung. Stockholm: Statens historiska museum, pp.35-52.