Jon Raude markerte såleis frå første stund sitt standpunkt: Den kyrkjelege lovgjevinga var ei sak for kyrkja. Han gjekk straks i gang med å utarbeide sin eigen kristenrett, truleg ferdig i 1273, og også Island vart drege inn i dette arbeidet, med biskop Arne i Skålholt som hjelpar. Grunnelementet i Jons kristenrett er kanonisk rett, men historikar Anne Irene Riisøy og filolog Bjørg Dale Spørck meiner å kunne påvise at han nytta lovarbeidet til Magnus Lagabøte som førelegg.
I drøftingane med kongen stilte Jon krav om å få stadfest dei privilegia Magnus Erlingsson i 1160-åra hadde gjeve til kyrkja: første røyst til biskopane ved kongeval og ofring av kongekrona til St. Olav som teikn på underkasting. Dette avviste kong Magnus Lagabøte blankt, men han gjekk likevel med på å utstyre kyrkja med større rettar. Drøftingane vart sluttførte i 1273 (konkordatet i Bergen), og etter at paven hadde gjeve si godkjenning, vart avtalen endeleg vedteken ved sættargjerda i Tønsberg 9. august 1277.
I sættargjerda fekk kyrkja slått fast domsrett i alle kyrkjelege saker, både kristenrettssaker og klerkemål (saker mot geistlege). Store økonomiske nyvinningar kom i tillegg: utvida rett til skattefritak og fritak for leidangsferd (fritak frå å bidra til landets forsvar) for erkebiskopen og biskopane, og myntrett (rett til å gje ut eigen mynt) og utvida handelsprivilegium for erkebiskopen. Med tilleggslover 13. og 22. september 1277 vart også retten til bøter utvida, og kyrkja fekk nytt tiendregulativ (innteke i Jons kristenrett).
Dei framgangane Jon Raude oppnådde, har samanheng med at han som motpart hadde ein konge som var innstilt på fred og forsoning, og som i tillegg var merkt av sjukdom. Kongen døydde i mai 1280, og situasjonen vart brått ein annan då formyndarstyret for barnekongen Eirik tok over. Erkebiskopen hadde kalla inn til provinsialkonsil (bispemøte for kyrkjeprovinsen) i Bergen, det første vi kjenner til i Noreg, og under det parallelle riksmøtet krona han den nye kongen og forma den kongelege eiden. Samstundes ferda han ut eit statutt som definerer kyrkja både som åndeleg og verdsleg makt og presiserer dei kyrkjelege rettane og privilegia klårare enn nokon annan stad.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.