Faktaboks

Changsha

kinesisk 长沙市

Changsha
Oversiktsbilde over provinshovedstaden Changsha.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Changsha er ein by i søraustlege Kina, hovudstad i provinsen Hunan, ved jernbanen BeijingGuangzhou og elva Xiang Jiang, 50 kilometer sør for innsjøen Dongting, 60 meter over havet. Det urbane storbyområdet har 4 736 000 innbyggjarar (FN, 2021).

Kultur, næringsliv og samferdsel

Mao Zedong
Mao Zedong, Kinas statsleiar frå 1949 til 1976, var opprinneleg frå Hunan. Changsha var utgangspunkt for den revolusjonære organisatoriske verksemda hans i 1920-åra. Mao som ung revolusjonær. Foto fra 1920- eller 1930-åra.
Av /NTB Scanpix.

Changsha er ei viktig elvehamn; handel med ris, bomull, tømmer og kveg. Industrien omfattar blant anna rismøller, tekstilfabrikker, tobakksindustri og slakteri. Tungindustrien er bygd ut etter 1970, med aluminiumverk, maskin-, sement-, gummi-, glass- og porselensindustri. Universitet med medisinsk universitet (frå 1914).

I byen finst eit provinsmuseum med fokus dels på Mao Zedongs liv (han blei fødd i i Shaoshan nær Changsha), og dels på omfattande utgravningar av over 2000 år gamle gravkammer frå det vestlege Han-dynastiets tid (Mawangdui-funnet). Blant anna blei det funne ein usedvanlig godt bevart 2100 år gammal leivning av ei kvinne.

Changsha har flyplass, og er tilknytta hurtigtognettet.

Historie

Changsha blir omtala tidleg på 200-tallet. Under Taiping-opprøret blei byen omringa. Under andre verdskrig blei byen okkupert av japanarane for ei kortare tid. Changsha var utgangspunkt for Mao Zedongs revolusjonære organisatoriske verksemd i 1920-åra. Hans heim i Shaoshan ca. 130 kilometer sørvest for byen er nå museum og sentrum i ein minnepark. Changsha blei i 1970-årene utsett til å bli eit industrielt storkompleks saman med nabobyane Xiangtan og Zhuzhou.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne kjelder

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg