«Dei tre folkeprinsippa», sanmin zhuyi, er namnet på kjernen i det politiske programmet til den kinesiske revolusjonsleiaren Sun Yat-sen (1866–1925) og partiet hans Kuomintang. Dei var viktige for styrtinga av det kinesiske keisarriket i 1911 og utviklinga av den kinesiske republikken.
Faktaboks
- Uttale
-
sæn-min-dsjo-i, IPA: [san.min.tʂu.i]
- Etymologi
-
sān 三, "tre"
mín 民, "folk"
zhǔyì 主义/主義, "doktrine, -isme"
- Også kjend som
-
Pinyin: Sān mín zhǔyì
Forenkla teikn: 三民主义
Tradisjonelle teikn: 三民主義
Bokmål: de tre folkeprinsippene, folkets tre prinsipper
Engelsk: Three Principles of the People, Sunology
Dei tre prinsippa kan omsetjast med høvesvis «nasjonalisme», «folkesuverenitet» og «velferd». Namnet kjem av at alle desse tre orda har ordet for «folk» i seg på kinesisk. Doktrinen var inspirert av Abraham Lincoln og særleg Gettysburg-tala der han snakka om «government of the people, by the people, for the people.»
Nasjonal sjølvråderett og demokratiske mekanismar var for Sun kjelda til overlegenheita til Europa og USA. Saman med det meir vage prinsippet «velferd» utgjorde dei oppskrifta på korleis Kina sjølv kunne verte ei stormakt og samstundes sikre velstand for eige folk.
Som ei oppskrift på kinesisk sjølvstende og renessanse var dei tre folkeprinsippa alltid tett knytt til kinesiske forhold og har hatt liten innverknad utanfor Kina. Unntaket er Taiwan, dit Kuomintang flykta etter den kinesiske borgarkrigen og styrte eineveldig på andre halvdel av 1900-talet. Prinsippa er nedfelt i grunnlova til Taiwan, del av nasjonalsongen og synlege i ei rekkje stadnamn.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.