Julian er eit mannsnamn som går tilbake til det latinske Julianus som er laga til slektsnamnet Julius med usikkert opphav. I enkelte tilfelle kan Julian vere hannkjønsform av Juliane.

Namnedag er 16. februar. Jill og Juliane har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Julian

Kulturell bruk

  • Julian den fråfalne er hovudperson i «Kejser og Galilæer» (1873) av Henrik Ibsen.

Kjende personar med namnet Julian

Eit utval personar med namnet Julian, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 179 menn i Noreg som hadde Julian som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 129 gutar som fekk namnet Julian, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

I tillegg til dei bibelske namna er det stort sett berre namn av gresk og latinsk opphav som har tre stavingar. Forutan Julian gjeld dette namn som Adrian, Fabian, Kristoffer, Leander, Marius, Nikolai og Teodor. Til liks med mange bibelske namn var desse klassiske namna mest brukte rundt år 2000.

Utvikling i bruk av namnet Julian frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Julian frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Julian på 1800-talet.

Julian var klart mest brukt i Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Julian på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Julian var klart mest brukt i Nordland.

Historisk bruk av namnet Julian
Historisk bruk av namnet Julian
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bakken, Kristin 2002: [Julian], [Tekla] og [Linda] – tre navn fra Henrik Ibsens Sancthansnatten (1853) vurdert i lys av samtidig kontekst: I: Tove Bull, Endre Mørck og Toril Swan (red.): [Venneskrift til Gulbrand Alhaug]. Tromsø.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg