Sør-Aurdal er ein typisk jord- og skogbrukskommune, med noko industri- og serviceverksemd. Jordbruket er prega av små bruk med vekt på storfehald, i tillegg til noko sauehald. Sør-Aurdal er ein relativt stor skogkommune. Nesten halvparten av skogavverkinga i Valdres skjer i Sør-Aurdal, med 140 000 kubikkmeter årleg i perioden 2018–2022, der 71 prosent av kvantumet var gran. Begna Bruk er den største private verksemda i kommunen med om lag 50 tilsette.
Sør-Aurdal er kommunen med tiande størst vasskraftproduksjon i Innlandet, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei åtte vasskraftverka i kommunen produserer til saman 425 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Bagn (i drift fra 1963), som står for om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Eid (2000) og Reinli (2008). Skagerak Kraft er hovudeigar av om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Hafslund ECO Vannkraft med om lag ein tiandedel.
Fjellområda gir grunnlag for ein del turisttrafikk, og kommunen har monaleg hytteturisme, særleg i fjelltraktene mellom Hedalen og Reinli. Kommunen har 3640 hytter (2024), og er ein av Innlandets større hyttekommunar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.