Det er det franske brødreparet Louis og Auguste Lumière som er kjent som oppfinnarane av kinofilmen, og framvisninga av ti eigenproduserte kortfilmar 28. desember 1895 blir rekna som den første kinoframvisninga. Denne nyvinninga bygde på teknologi og teknikk knytt til fotografi, projeksjon og optiske illusjonar. Det var fleire i samtida som konkurrerte med brødrene Lumière om å vera først ute.
Dei første tiåra av filmhistoria var prega av utforsking og eksperimentering. Talet produksjonar var relativt høgt, produksjonane var korte og det var stor variasjon i innhald. Det tok tid å utvikle dei kategoriane og sjangerane me i dag brukar for å sortere mellom ulike typar film. Det var i denne perioden ein òg etablerte dei fleste arbeidsbeskrivelsane for filmarbeidarar, til dømes filmregissør, filmfotograf, produsent og klippar.
Etterkvart som samfunn, marknadar og teknologi utvikla seg har filmproduksjonen og industrien tilpassa seg. I tillegg til kinoane gjorde nye visningsflater seg gjeldande, som fjernsynet utover frå 1950-talet, heimevideo-formatet utover 1980-talet, og internett fram mot 2000-talet, og dette har påverka både form og innhald.
Med den digitale utviklinga sidan slutten av 1990-talet har det å produsere og distribuere film på mange vis blitt meir tilgjengeleg: det er vanleg å ha tilgang på teknologi til å spela inn eigne filmar, og med internett er det mogleg å nå veldig langt med lite midlar.
Kommentarar (1)
skreiv Roger Pihl
Hei, fikk følgende innspill til min artikkel om film ifbm foto/stillbilder, men det hører hjemme i dette fagområdet:
Artikkelen om film sier ingenting om utviklingen av film på kino. Når kom den første fargefilmen på kino og når ble fargefilm på kino vanlig? Søk på fargefilm på nettet førte til oppslaget om Harald Renbjør på Wikipedia, det later til at dette var en norsk pioner innen fargefilm, men han er ikke omtalt i snl til tross for sin betydning
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.