19th Nervous Breakdown
«19th Nervous Breakdown» Singel av The Rolling Stones | ||
B-side |
«As Tears Go By» (UK) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. februar 1966 | |
Innspelt | 3.-8. desember 1965, RCA Studios, Hollywood | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:56 | |
Selskap | Decca F.12331 London 45-LON.9823 | |
Komponist | Mick Jagger, Keith Richards | |
Tekstforfattar | Mick Jagger, Keith Richards | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«As Tears Go By» (1965) |
«19th Nervous Breakdown» | «Paint It, Black» (1966)
|
«19th Nervous Breakdown» er ein song av The Rolling Stones. Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards, men det ryktast at han vart skriven av Jagger sin dåverande kjæraste, Chrissie Shrimpto.[1]
Songen vart skriven under den amerikanske turneen deira i 1965, og vart spelt inn under innspelinga av albumet Aftermath mellom 3. og 8. desember 1965 ved RCA Recording Studios i Hollywood i California. Songen handlar om ei vanskeleg og bortskjemt jente som ikkje klarar å nyte livet. Mick Jagger har fortalt at han først kom opp med tittelen og så skreiv teksten ut i frå den. Songen vart gjeve ut på singel 4. februar 1966 og nådde andreplassen både i USA, Noreg og Storbritannia. På VG-lista låg han fire veker på andreplassen, heile tida bak The Beatles sin «Michelle».
Det hypnotiske riffet til Brian Jones under versa er ei hyllest til Bo Diddley-songen «Diddley Daddy». Diddley hadde ein stor innverknad på stilen til Stones.[2][3] Songen er òg kjend for den såkalla «stupbombande» bass-linja til Bill Wyman mot slutten av songen.
Tom Verlaine, sologitar og låtskrivar i Television, har fortalt at då han høyrte songen som ungdom inspirerte det han til lære seg gitar.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Mick Jagger – solovokal
- Keith Richards – elektrisk gitar, korvokal
- Brian Jones – elektrisk gitar
- Bill Wyman – bassgitar
- Charlie Watts – trommer[4]
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1966) | Plassering |
---|---|
Canada (RPM Mag.)[5] | 9 |
Tyskland (Media Control AG)[6] | 1 |
Irland (IRMA)[7] | 2 |
Noreg (VG-lista)[8] | 2 |
Storbritannia (Record Retailer)[9] | 2 |
Storbritannia (NME)[10] | 1 |
USA (Billboard Hot 100)[11] | 2 |
USA (Billboard R&B Singles Chart)[11] | 32 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «19th Nervous Breakdown» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rolling Stones Wives & Girlfriends
- ↑ Bo Diddley - The Story Of Bo Diddley, arkivert frå originalen 26. september 2007, henta 26. februar 2009
- ↑ allmusic
- ↑ «19th Nervous Breakdown». rollingtimes.org. Arkivert frå originalen 6. januar 2015. Henta 4. mai 2013.
- ↑ «RPM 100» (PDF). RPM. Henta 3. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones - 19th Nervous Breakdown". Charts.de. Media Control. Henta 26. mars 2018.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Nineteenth Nervous Breakdown". Irish Singles Chart. Retrieved 26. mars 2018.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – 19th Nervous Breakdown". VG-lista. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
- ↑ «Featured Artist: Rolling Stones». Official Charts Company. Henta 8. august 2010.
- ↑ Rees, Dafydd; Lazell, Barry; Osborne, Roger (1995). Forty Years of "NME" Charts (2nd utg.). Pan Macmillan. s. 164. ISBN 0-7522-0829-2.
- ↑ 11,0 11,1 19th Nervous Breakdown på Allmusic. Henta 4. august 2010.