Honky Tonk Women
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
«Honky Tonk Women» er ein song av The Rolling Stones frå 1969. Han vart gjeven ut på singel 4. juli 1969 i Storbritannia, og ei veke seinare i USA. Han vart ein stor hit og toppa salslistene i begge land.[1]
Inspirasjon og innspeling
[endre | endre wikiteksten]Det vart spelt inn to utgåver av songen. Den kjende hitten som kom ut som singel og ei honky-tonk-utgåve kalla «Country Honk» som kom ut på albumet Let it Bleed med ein noko anna tekst. Ei konsertutgåve vart gjeven ut på Get Yer Ya-Ya’s Out og er forskjellig frå begge desse to versjonane, med ein særleg annleis gitarintroduksjon og eit nytt andrevers.
Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards medan dei var på ferie i Brasil frå seint i desember 1968 til tidleg i januar 1969. Dei var inspirert av brasilianske caipiraer på ein gard der Jagger og Richards budde i Matão i delstaten São Paulo.[2]
Omgrepet «honky tonk woman» viser til ein dansar i ein honky tonk-bar. Scena for forteljinga i første verset av blues-utgåva er Memphis i Tennessee, medan «Country Honk» finn stad i Jackson.[3]
«Honky Tonk Women» var opphavleg skriven som ein akustisk countrysong.[4] Songen vart spelt inn i London tidleg i februar 1969 utan Brian Jones. Songen vart gradvis omforma til den kjende, elektriske og riffbaserte singelen «Honky Tonk Women» våren 1969, før Mick Taylor vart med i bandet.[5] Taylor har fortalt i Sean Egan sin The Making of Let It Bleed at det meste alt var spelt inn då han la på noko sologitar. Songen er spesiell på den måten at han ikkje opnar med eit gitarriff, men ein rytme spelt på ei kubjølle spelt av produsenten Jimmy Miller.
Songen toppa Billboard Hot 100 i fire veker frå 23. august 1969. Singelen vart gjeven ut i Storbritannia dagen etter Brian Jones døydde. «You Can't Always Get What You Want» vart vald som B-side. I Noreg låg songen tre veker på andreplassen på VG-lista, heile tida bak Elvis Presley sin «In the Ghetto». Konsertutgåva av songen er med på albuma Love You Live og Live Licks, samt det alt nemnde Get Yer Ya-Ya’s Out!.
Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte «Honky Tonk Women» på 116. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- The Rolling Stones
- Mick Jagger – solovokal
- Keith Richards – sologitar, rytmegitar, korvokal
- Mick Taylor – sologitar
- Bill Wyman – bass
- Charlie Watts – trommer
- Andre medverkande
- Reparata and the Delrons – korvokal
- Nanette Workman – korvokal (som «Nanette Newman»)
- Doris Troy – korvokal
- Ian Stewart – piano
- Jimmy Miller – kubjølle
- Steve Gregory og Bud Beadle – saksofonar
Salslister og salstrofé
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|
Country Honk
[endre | endre wikiteksten]«Country Honk» er country-utgåva av «Honky Tonk Women», gjeven ut fem månader etter «Honky Tonk Women» på albumet Let it Bleed.
Byron Berline speler fele på sporet og har sagt at det var Gram Parsons som skaffa han denne jobben. Produsent Glyn Johns føreslo at Berline skulle spele inn fela på fortauet utanfor studioet for å gje den rette stemninga til albumet. Sam Cutler, turnemanageren til the Rolling Stones på denne tida, lagar bilhornet ein høyrer i starten av songen.[20] Nanette Workman gjer korvokalen på denne utgåva (på plateomlaget omtalt som Nanette Newman).
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]The Rolling Stones
- Mick Jagger – vokal
- Keith Richards – akustisk gitar, korvokal
- Mick Taylor – slidegitar
- Charlie Watts – trommer
Andre medverkande
- Byron Berline – fele
- Nanette Workman – korvokal (som «Nanette Newman»)
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]Mange andre artistar har spelt songen, mellom andre Waylon Jennings, Elton John, Billy Joel, Ike & Tina Turner, The Pogues, Albert King, AC/DC og Big Country.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Honky Tonk Woman» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Billboard Book of Number One Hits (5. utg.)
- ↑ Martin Elliott (2002). The Rolling Stones: Complete Recording Sessions 1962-2002. Cherry Red Books. s. 148. ISBN 1-901447-04-9.
- ↑ «Kappa Magazine». Revistakappa.com.br. s. 100. Henta 2. oktober 2016.
- ↑ The Rolling Stones "Honky Tonk Women". Time Is on Our Side.
- ↑ Steve Appleford (1997). The Rolling Stones It’s Only Rock and Roll: Song by Song. New York: Schirmer Books. s. 88.
- ↑ Unterberger, Richie. «Honky Tonk Women». allmusic. 2007.
- ↑ "The Rolling Stones – Honky Tonk Women – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
- ↑ "Ultratop.be – The Rolling Stones – Honky Tonk Women" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 27. mars 2018.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 27. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones - Honky Tonk Women". Charts.de. Media Control. Henta 27. mars 2018.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Honky Tonk Women". Irish Singles Chart. Retrieved 18. juni 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Honky Tonk Women" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 27. mars 2018.
- ↑ «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 2. oktober 2016.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – Honky Tonk Women". VG-lista. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones – Honky Tonk Women – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
- ↑ "Chart Stats – Rolling Stones – Honky Tonk Women" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 27. mars 2018.
- ↑ "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 27. mars 2018.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 2. oktober 2016.
- ↑ «Top 100 Hits of 1969/Top 100 Songs of 1969». Musicoutfitters.com. Henta 2. oktober 2016.
- ↑ «American single salstrofé – The Rolling Stones – Honky Tonk Woman». Recording Industry Association of America. Henta 27. mars 2018. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
- ↑ Cutler, Sam. You Can't Always Get What You Want - My Life with the Rolling Stones, the Grateful Dead and Other Wonderful Reprobates ISBN 9 781741 666090
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]117: «Take me to the River» Al Green |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 116 «Honky Tonk Women» The Rolling Stones |
115: «You Send Me» Sam Cooke |
- Rolling Stones-songar
- Singlar frå 1969
- Songar frå 1969
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone
- Decca Records-singlar
- London Records-singlar
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Nummer-ein-singlar i Storbritannia
- Nummer-ein-singlar i Australia
- Nummer-ein-singlar i New Zealand
- Nummer-ein-singlar i Sveits
- Nummer-ein-singlar i Irland
- Songar skrivne av Jagger/Richards
- Songar produserte av Jimmy Miller
- Countryrocksongar
- Songar om seksualitet
- The Pogues-songar
- Ike & Tina Turner-songar
- The Ventures-songar
- Waylon Jennings-songar
- Joe Cocker-songar
- Albert King-songar
- Rick Nelson-songar
- Elton John-songar
- Humble Pie-songar
- The Meters-songar
- The Shadows-songar
- Hank Williams jr.-songar
- Ronnie Wood-songar
- Bo Diddley-songar
- Johnny Hallyday-songar
- Taj Mahal-songar
- Tom Jones-songar
- Mott the Hoople-songar
- Billy Joel-songar
- Jerry Lee Lewis-songar
- Kid Rock-songar