Hopp til innhald

Antibiotikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Antibiotika er stoff som hemmar eller drep bakteriar. Bakteriane sjølve produserer og spreier slike stoff for å hevda seg i konkurransen med andre bakteriar. Antibiotika blir berre brukt til å behandla eller førebygga sjukdom på grunn av bakteriar, det er ikkje brukande mot virus.

Antibiotikabehandling som er meint å ramma ein spesiell sjukdomsframkallande bakterie vil også ramma mange fleire bakteriar som er del av mennesket sin normalflora, dette kan mellom anna føra til diaré som ein biverknad. Bakteriar er veldig tilpassingsdyktige og utviklar difor ofte resistens, dette er eit stort og aukande problem innan behandling av tuberkulose.

Det har vorte estimert at verda brukte 50 millionar kg antibiotika i 1995, inkludert behandling av dyr.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]