Tilbake til artikkelen

Tilbake til historikken

Magnus Lagabøters landslov

Versj. 38
Denne versjonen ble sendt inn av Sverre Olav Lundal 25. mars 2020. Den ble godkjent av Ida Scott 25. mars 2020. Artikkelen endret 11 tegn fra forrige versjon.

Magnus Lagabøtes landslov, ofte berre kalt landslova, er ei lovbok for Noreg som tredde i kraft i 1274. Landslova avløyste dei fire landskapslovene for Frostating, Gulating, Eidsivating og Borgarting, og gjorde at Noreg fekk ei felles lovbok. Lovboka vart òg nytta på Orknøyane, Shetland og Færøyane, medan Island fekk ei eiga lovbok, Jónsbók, i 1281.

Historia om landslova tok truleg til med eit større lovreformarbeid alt under kong Håkon 4 Håkonsson si regjeringstid mellom 1217 og 1263. Kong Magnus 6 Håkonsson vidareførte arbeidet. Han fekk seinare tilnamnet Lagabøte (lovforbetraren) som følgje av lovarbeidet.

Landslova var ei av få riksdekkjande lovbøker som vart gjevne i Europa i høgmellomalderen. I tillegg gav Magnus Lagabøte ei bylov i 1276, ei hoff- og administrasjonslov rundt 1277, og den islandske lovboka i 1281. Bylova og den islandske lovboka bygde på landslova, og var berre delvis sjølvstendige lovbøker.

Landslova bygde på ein romersk lovgjevingstradisjon og kom til etter inspirasjon frå lovgjevingsarbeid i Castilla. Ho fornya norsk rett i høgmellomalderen og knytte ho til europeisk rettsutvikling. Landslova var òg viktig for etableringa av ein norsk identitet innan ulike politiske rammer, fram til ho vart avløyst av Christian 5 si norske lov i 1687.

Inspirasjonen til lovreformasjonsarbeidet kan knyttast til relasjonane og kontakten kong Håkon 4 Håkonsson oppretta med styresmaktene i Castilla i Spania. I 1258 vart prinsesse Kristina, dottera til kong Håkon 4, gift med prins Filipus, bror av kong Alfons 10. Hundre personar frå kong Håkon 4 sitt hoff reiste til Castilla i samband med giftingsferda. Her fekk dei kjennskap til arbeidet med det lovverket som skulle verta kjent som Las Siete Partidas. Dette var det største og mest imponerande lovverket i Europa etter samlinga av romersk rett i 529–534 i det som vart heitande Corpus juris civilis, og før Landrecht für die preußischen Staaten av 1794.

Tanken om å regulera mange samfunnsområde gjennom lovgjeving, vaks i mellomalderen fram med studiet av romersk rett på norditalienske universitet frå midten av 1100-talet. Den fyrste europeiske monark til å gje ei lovbok for sitt rike, var Fredrik 2 av Sicilia i 1231. Hans lovbok stod likevel mest i same fredslovgjevingstradisjonen. Det vil seia at lova var mest retta mot straff og prosess, og i mindre grad regulerte andre samfunnsområde. Den andre monarken som gav ei lovbok som dekte heile riket, var kong Alfonso 10 i 1265. Då medlemmane av det norske hoffet kom heim frå Castilla i 1259, kunne dei fortelja om lovbokarbeidet som var på gang.

Arbeidet med Las Siete Partidas byrja med at ein samla all eksisterande rett i Castilla og laga eit idégrunnlag for lovreforma. Det same mønsteret følgde ein i Noreg. Rundt 1260 vart Gulatingslova og Frostatingslova skrivne ned. Då vart òg Kongsspegelen skriven, slik vi kjenner han i dag. Det var eit daningsverk i tre bøker, der tredje boka handlar om kva ein skal ta omsyn til når ein endrar retten. Samla sett ser det difor ut til at det kastiljanske lovarbeidet vart avgjerande for lovreformarbeidet i Noreg.

Arbeidet med landslova av 1274 byrja under styret til kong Håkon 4. Ei samling av hans rettsforbetrande lover er skriven inn som eit innleiande kapittel i eit manuskript av Frostatingslova frå om lag 1260 og vart kalla Den nye lova. Håkon 4 stod i ein europeisk fredslovgjevingstradisjon, og det var særleg den gamle hemnretten han ville til livs. Men Den nye lova endra òg retten på andre viktige samfunnsområde. Den nye lova av 1260 var ei samanfatting og ei avslutting på eit minst 20 år langt reformarbeid. Samstundes innleidde ho det nye, store lovreformarbeidet, som vart avslutta av Magnus 6 Håkonsson (Lagabøte) om lag 20 år seinare.

Håkon 4 døydde i 1263, og sonen Magnus Lagabøte tok over styret av Noreg og lovreformarbeidet. I 1267 la Magnus Lagabøte fram ei revidert lovbok for Gulating, som òg var gjeldande for vesterhavsøyane Orknøyane, Shetland og Færøyane. I 1268 fekk Eidsivating og Borgarting sine omarbeidde og oppdaterte lovbøker. Men i 1269 avviste Frostating den reviderte lovboka som kongen la fram. Bakgrunnen var at kongen i for stor grad regulerte kristenretten, som erkebiskop Jon Raude meinte berre kyrkja kunne røra ved. I Noreg hadde konge- og kyrkjemakt tidlegare samarbeidd om utforminga av kristenrettane.

Etter nederlaget på Frostating leid kongen eit nytt nederlag på Island. Her vedtok Alltinget berre mindre delar av den reviderte lovboka for denne delen av det norske riket. Fyrst i 1273 vart heile lovboka, seinare kalla Jarnsíða, vedteken. Same året inngjekk kong Magnus Lagabøte og erkebiskop Jon Raude ein avtale om grensa mellom lovgjevingsmakta til konge og kyrkje. Vinteren 1273–1274, medan erkebiskopen var på reise for å få paveleg godkjenning av avtalen, vart landslova skriven i kanselliet ved kongen sitt slott i Bergen. Likskapane mellom landslova og Jarnsíða kan forklara at landslova kunne ferdigstillast på éin vinter, fordi ein bygde på det lovarbeidet som alt vart gjort på 1260-talet.

Landslova var eins for heile riket, med unnatak for Island. På den eine sida bygde landslova på reglar henta frå dei fire landskapslovene. Heile 90 prosent av reglane i landslova byggjer delvis på eldre rett. På den andre sida gjorde dette likevel at kvart av lagdøma fekk inn store delar av rett frå dei andre tre lagdøma. Dette førte til ei større rettsendring enn den romerske og kanoniske retten som òg prega landslova.

Vidare vart mange reglar henta frå landskapslovene endra på sentrale punkt. Dette fordi landslova var tufta på den juridiske differensieringsteknikken som var utvikla med universitetsstudia av romersk og kanonisk rett frå midten av 1100-talet. Det gjorde at dommarane etter landslova skulle vurdera ei sak frå alle sider og sjå til at dommen vart så nyansert og tilpassa omstenda at Gud ville vera nøgd med han, som det heiter i landslova. Dette var eit viktig instrument for å mildna dei meir brutale delane av landskapslovene og var årsak til den store endringa av norsk rett som følgde med landslova.

Landslova er delt i ni bolkar.

  1. Tingfarebolken – om rettssystemet
  2. Kristendomsbolken – om kongemakta
  3. Landevernsbolken – om forsvaret av riket
  4. Mannhelgbolken – om vern av liv og eigedom
  5. Arvebolken – om ekteskap og arv
  6. Odelsbolken – om odelsjord
  7. Landsleigebolken – om rettsforhold knytt til jordeigedom med meir
  8. Kjøpebolken – om gjeld, pant og handelsverksemd
  9. Tjuveribolken – om eigedomsbrotsverk og eid som bevismiddel

Kvar bolk er delt i fleire kapittel, og til saman har landslova om lag 220 kapittel. Kvart kapittel er igjen sett saman av fleire einskildreglar, og det er samla om lag 1000 lovreglar i landslova. Det er truleg ikkje tilfeldig at landslova er delt i ni bolkar. Det same var Codex, slik han vart kjend i mellomalderen. Codex var ei samling keisarleg lovgjeving, og ein del av romarrettssamlinga Corpus juris civilis, som vart studert på norditalienske universitet frå 1100-talet av. Ved å ha same talet på bolkar i landslova som det var i Codex, ville Magnus Lagabøte visa at han stod i same lovgjevingstradisjonen som dei romerske keisarane.

Dette ser ein òg av at han la til ein tiande bolk med rettarbøter. I Corpus juris civilis vart Codex etterfølgd av Novelle. Dette var ei samling av keisarlege lover frå etter at Codex var samla i 532 og fram til keisaren Justinian 1, som samla lovene, døydde i 565. Magnus Lagabøte trong ikkje samla sine rettsforbetrande lover, fordi dei var alt tekne inn i sjølve landslova. Men han gjorde det for at landslova med rettarbøter skulle vera ein parallell til Codex med Novelle.

Ein har ikkje bevart noko originalmanuskript av landslova frå 1274. Dei to eldste manuskripta er fyrst frå slutten av 1200-talet. Dermed kan ein ikkje vita sikkert kva innhald landslova hadde i 1274. I dag er det bevart 35 manuskript av landslova frå 1350 eller tidlegare. Dei fleste er bundne saman med andre lovtekstar og anna materiale. I tillegg finst det om lag 50 unike manuskriptfragment.

Det er til dels store variasjonar mellom manuskripta, både når det gjeld innhald og disposisjon. Dette var ein klar over alt i høgmellomalderen. Det er difor ikkje overraskande at landslova ikkje vart brukt etter sin bokstav, for ho varierte frå manuskript til manuskript. Men landslova vart nytta etter si ånd. Det store talet på bevarte manuskript og unike manuskriptfragment gjorde det mogeleg at det i 1350 fanst eitt manuskript av landslova per 1200 innbyggjarar i det norske riket. Dette indikerer stor popularitet og bruk.

Det vart etter Magnus Lagabøte sin død i 1280 og fram til 1350 gjort ein heil serie lovvedtak for heile eller delar av det norske riket. Dette indikerer at landslova var byrjinga på ein lovgjevingstradisjon som raskt fekk stor legitimitet. Landslova verka òg samlande og vart ei kjelde til norsk identitet innan ulike politiske rammer.

Magnus Lagabøte følgde opp arbeidet med landslova på fleire hald. I 1276 gav han ei bylov for Bergen, som seinare også vart gjeven for dei andre byane. Bylova bygde på landslova, men ein stad mellom 30 og 50 prosent av reglane er ulike. Ein gong på 1270-talet, mogelegvis i 1277, gav kongen ut Hirðskrá. Hirðskrá kan ein kalla ei hoff- og administrasjonslov, då ho hadde reglar om medlemmane av kongen sitt hoff og hans tenestemenn. Denne lovboka er ikkje meir omfattande enn dei lengste av bolkane i landslova.

Magnus Lagabøte rakk òg å avslutta arbeidet med ei ny lovbok for Island før han døydde i 1280. Lovboka, som seinare er kalla Jónsbók, vart vedteken av Alltinget i 1281.

Medan landslova av 1274 i 1687 vart avløyst av Christian 5 si norske lov, var Bylova av 1276 gjeldande rett til Christian 4 sin birkerett frå 1621, Hirðskrá frå rundt 1277 var formelt gjeldande til Kongelova av 1665, og mindre delar av Jónsbók frå 1281 gjeld framleis på Island i dag.

Landslova har vore omfatta med stor interesse frå forskarar som kjelde til kunnskap om rettshistorie, norrønt språk og mellomalderhistorie generelt. Ein veit ikkje nøyaktig kva som stod i originalutgåva i Magnus Lagabøtes landslov, men ein nyttar dei ulike manuskripta ein kjenner til og utarbeider sokalla tekstkritiske utgåver som gir informasjon om opphav og variasjon.

I 1751–1752 gav Hans Paus ut all norsk rett frå mellomalderen til 1669 i tobandsverket Samling af Gamle Norske Love. Her omsette han òg landslova til dansk. Dette var viktig for den store interessa for norsk mellomalderrett fram mot 1814. I 1817 kom landslova ut på ny, denne gongen omsett til både dansk og latin.

I perioden 1835–1837 reiste historikarane Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch rundt på stortingsstipend til bibliotek og samlingar i Skandinavia for å laga avskrifter av mellom anna landslova, med tanke på ei kjeldekritisk utgjeving på norrønt. Landslova vart publisert i 1848 i andre bandet av det fem band store verket Norges gamle Love som kom ut i perioden 1846–1895. Men berre eit utval av variantane i manuskripta av landslova vart teke med i utgjevinga. Det var denne utgåva av landslova som Absalon Taranger la til grunn for si omsetjing til riksmål i 1915. Taranger tok i liten grad omsyn til variantane i manuskripta, men gjorde derimot ei førebels undersøking av opphavet til dei ulike lovreglane i landslova. Rudolf Meissner si utgåve av landslova på tysk i 1941, som ein del av ein serie med «Germanenrecht», er òg tufta på den kjeldekritiske utgåva til Keyser og Munch, og heller ikkje den tek omsyn til variantane.

Arbeidet med omsetjing og kjeldekritiske utgåver har sett fart fram mot jubileet i 2024, og digitaliseringsarbeidet har gjort det lettare for forskarar og ålmenta å få tilgang til manuskripta. Fleire norrøne handskrifter av landslova ligg no føre i digitale utgåver hos Medieval Nordic Text Archive (Menota), og Nasjonalbiblioteket har fotografert og gjort eit manuskript tilgjengeleg (Bokhylla).

Ei utgåve og omsetjing av eit av dei viktigaste og eldste handskriftene av landslova, Holm perg 34 4to, var planlagt utgjeven i trykt form av Riksarkivet i 2017. Helen F. Leslie-Jacobsen, forskar ved Universitetet i Bergen, omset det same handskriftet til engelsk.

Landslovsprosjektet 2014–2024 ved Det juridiske fakultet i Bergen samarbeider med Nasjonalbiblioteket om å laga ei trykt og digital utgåve av landslova, med alle tekst- og disposisjonsvariantar. Arbeidet vert leia av professor emeritus Magnus Rindal, som tek utgangspunkt i Keyser og Munch sitt arbeid, som vert kontrollert, gjennomarbeidd og supplert. Det tekstkritiske arbeidet skal deretter leggjast til grunn for ei normalisert utgåve av landslova og ei omsetjing til moderne norsk som skal koma ut i 2024.

  • Magnus Lagabøtes landslov, i omsetjing av Absalon Taranger frå 1915. Les i bokhylla.
  • Magnus Lagabøtes landslov, i norrøn utgåve av Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch frå 1848. Les i bokhylla.
  • Magnus Lagabøtes landslov og andre lovtekster, utgåver av norrøne handskrifter hos Medieval Nordic Text Archive.
  • Magnus Lagabøtes landslov, Gulatingsversjonen i NB Ms.4° 1, heile boka fotografert. Les i bokhylla.
  • Magnus Lagabøtes landslov, norrøn tekst med fullstendig variantapparat, del 1 og 2, utgjeven av Magnus Rindal og Bjørg Dale Spørck i 2018.
  • Brink, Stefan & Collinson, Lisa. 2014. New Approaches to Early Law in Scandinavia. Brepols. 200 sider. ISBN: 978-2-503-54754-1.
  • Horn, Anna Catharina. 2018. Lovrevisjonene til Magnus Håkonsson Lagabøte – en historiografisk gjennomgang. Mål og Minne 2 2018, sider 1–27.
  • Opsahl, Erik. 2009. I hvilken grad oppstod norsk nasjonalfølelse og identitet i middelalderen?. I: Samuel Edquist, Lars Hermanson og Stefan Johansson, red., Tankar om ursprung. Stockholm: Statens historiska museum, side 35–52.
  • Rindal, Magnus: «Dei norske mellomalderlovene», i Magnus Rindal (red.): Skriftlege kjelder til kunnskap om nordisk mellomalder, KULTs skriftserie nr. 38, Oslo 1995, side 7–20.
  • Rindal, Magnus. 2018. Magnus Lagabøte og Landslova. I. Rindal, Magnus; Spørck, Bjørg Dale. 2018. Kong Magnus Lagabøtes Landslov : Norrøn tekst med fullstendig variantapparat, del 1, side 77–80. Riksarkivet.
  • Sunde, Jørn Øyrehagen. 2014. Norwegian Constitutionalism with the Code of 1274. Chapter 10, side 165–185. I: Sunde, Jørn Øyrehagen. 2014. Constitutionalism Before 1789 – Constitutional Arrangements from the High Middle Ages to the French Revolution. Pax Forlag. 288 sider. ISBN: 978-82-530-3636-6.
  • Sunde, Jørn Øyrehagen. 2014. Daughters of God and counsellors of the judges of men – a study in changes in the legal culture in the Norwegian realm in the High Middle Ages. Kapittel 8, side 131–183. I: Brink, Stefan; Collinson, Lisa. 2014. New Approaches to Early Law in Scandinavia. Brepols. 200 sider.