Kristenrett var i tida før reformasjonen (1537) den delen av norsk rett som gjaldt kyrkjelege forhold. Dette omfatta kyrkjeorganisasjonen, forholdet mellom kyrkja og det verdslege samfunnet, og brot på kyrkjelege moralbod, så langt desse blei støtta av lovbod.
kristenrett
Den eldste kristenretten
Før Magnus Lagabøtes landslov (1274) var kristenretten reglar om kristendomen som vart praktisert som lov og rett på lagtinga i Noreg, og ein finn den i dei eldste norske kjeldene som del av landskapslovene. Reglar om kristendomen sto i særskilde delar av lovene kalla kristenrett eller kristendomsbolkar, og dette finn ein ved alle dei fire lagtinga i Noreg (Gulating, Frostating, Eidsivating og Borgarting). Kristenretten står då i kontrast til den kanoniske retten, den katolske kyrkja sin rett, som vart praktisert i kyrkja sine eigne domstolar.
Den første kristenretten skal Olav den heilage ha fått vedteke av eit ting på Moster i 1024. Den eldste bevarte kristenretten, frå Gulatingslova, er frå langt seinare tid. Men den bevarte redaksjonen frå siste halvdel av 1100-talet, for det meste overlevert i handskrifter frå 1200-talet, gjengir ein del føresegner som blir tilskrivne Olav den heilage («olavstekst»). Nokre av desse kan gå heilt tilbake til tida til helgenkongen, og truleg er dei i alle fall eldre enn resten av Gulatings kristenrett – med andre ord frå første halvdel av 1100-talet eller tidlegare.
Kristenretten i landskapslovene omhandlar personane i lagdømet sine rettar og plikter i forhold til kyrkja, og tilsvarande rettar og plikter kyrkja sine prestar og biskopar hadde. Til dømes hadde alle plikt til å bidra til å vedlikehalde kyrkjer, men presten hadde plikt å gi den siste olje til folk som bad om det. Derfor vert gjerne kristenrettane skildra som ein overeinskomst mellom kyrkja og folk. Vidare skildra kristenrettane fleire brotsverk mot kristen tru, som å arbeide på ein heilagdag, nekte å døype borna sine, eller å gifte seg med meir enn ein ektefelle, og då skulle biskopen ha bot frå lovbrytaren.
Kongelege lovreformer i høgmellomalderen
Sidan kristenretten var del av lagtinga sin rett, så freista kongane i mellomalderen å gjere endringar. Til dømes viser Gulatingslova sin kristenrett til endringar tilskrivne kong Magnus 5. Erlingsson (magnustekst) og riksmøtet i 1163. Dette kan ha vore i samråd med kyrkja, men skjedde også på kongen sitt eige initiativ. På 1200-talet førte dette til konflikt mellom kongemakt og kyrkje, då kongen ynskte å revidere kristenretten som del av større lovreformarbeid.
Erkebiskop Jon Raude utarbeidde ein særleg kristenrett i kanonisk ånd, det vil seia med preg av den internasjonale kyrkjeretten til pavekyrkja. Denne blei godteken av kong Magnus Lagabøte ved det såkalla Bergens-konkordatet i 1273 og fire år seinare i Tønsberg-konkordatet, også kalla Sættargjerden i Tunsberg av 1277.
Samanlikna med eldre rett er derfor kongen sin kristenrett i Landslova av 1274 og Bylova av 1276 mykje kortare, og handsamar færre emne. Utover ei truvedkjenning og ei skildring av skiljet mellom kongens og biskopens myndigheit, så er det i hovudsak kongemakta som er skildra i desse kristendomsbolkane. Den kongelege arverekkjefølgja står sentralt, og der vert kyrkja si rolle i å avgjere tvilsspørsmål mindre samanlikna med eldre rett.
Etter kong Magnus Lagabøte si regjeringstid (1263–1280) blei erkebiskop Jon Raude sin kristenrett sett ut av kraft igjen av kong Eirik Magnusson (1280–1299). Dette medførte noko uklårheit om posisjonen til kristenrettane i tida som følgde, og ein finn både Jon Raude sin kristenrett og eldre regional kristenrett i lovhandskrifter etter denne tida.
Med reformasjonen (1537) vart skiljet mellom verdsleg og kyrkjeleg makt oppheva, og regulering av religionen fall inn under kongen sin myndigheit. Kristenretten mista då sin særskilde status som rettsområde.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.