Changchun er ein by i nordaustlege Kina, i regionen Dongbei (Mandsjuria), hovudstad i provinsen Jilin, på Songliaosletta ved elva Yitong. Storbyområdet har 4 554 000 innbyggjarar (FN, 2021); i tillegg til hankinesarar bur det grupper av koreanske, hui og mongolske minoritetar i byen.
Changchun er eit jernbaneknutepunkt og ein viktig industriby. Opphaveleg var byen eit sentrum for den kinesiske bilindustrien; viktigaste industriar i dag er køyretøyproduksjon, jordbruktsprodukt og jernbanemateriell.
Byen har universitet, høgskular og forskningsinstitusjonar. Det er store skogområde rundt byen.
Changchun har flyplass, og er tilknytta motorvegnett og hurtigtognett.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.