Forretningsbank
Utsjånad
Ein forretningsbank er ein bank som er organisert som eit privat aksjeselskap. Forretningsbankar blei tidlegare også kalla aksjebankar.
Forretningsbankar i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Forretningsbankar i Noreg er regulert av Forretningsbanklova av 24. mai 1961 nr. 2. Lova seier mellom anna at ein norsk forretningsbank minst må ha ein aksjekapital som tilsvarar 5 millionar Euro. Kongen kan i spesielle tilfelle samtykke i ein lågare aksjekapital, likevel ikkje under 1 million Euro. Norske forretningsbankar står under tilsyn frå Finanstilsynet.
Blant dei tidlegaste forretningsbankane i Noreg kan nemnast:
- Christiania Bank og Kreditkasse oppretta 1848
- Bergens Privatbank oppretta 1855
- Den norske Creditbank oppretta 1857