Asbjørnsen hadde lenge hatt planar om å gje ut ei segnsamling. Tidlegare publiserte og nyskrivne segner fekk tittelen Norske Huldreeventyr og Folkesagn. Første samling kom sumaren 1845, andre samling til jul 1847, ei samla utgåve i 1870. Han seier at han sjølv har høyrt minst 80 av dei 90 segnene, andre har han fått av mellom anna Camilla Collett og Ivar Aasen eller gjenfortalt dei frå Fayes samling. Første samlinga inneheld berre tradisjon frå Austlandet, mest frå Kristiania, Nordmarka og Romerike, andre samlinga har innslag frå Gudbrandsdalen. I andre utgåva er perspektivet utvida til Vestlandet og Nord-Norge. Hovudmengda av segner og forteljemåten er likevel austlandsk.
Asbjørnsen gjekk fram på same måten med segnene som med eventyra. Først skreiv han opp ganske heilslege tekster, seinare når han var meir fortruleg med segntradisjon og forteljemåte, skreiv han berre stikkord, replikkar og karakteristiske vendingar. Når han møtte særleg gode forteljarar, prøvde han å få med så mykje som mulig, som for eksempel etter Tor Øygarden i Sel i Gudbrandsdalen.
Det geniale med denne samlinga er at segnene er sette inn i rammeforteljingar. Dei er ikkje autentiske, men byggjer på eigne opplevingar og reiseinntrykk. Nokre av forteljarane er verkelege som Mattias Skytter, Per Sandaker og Berthe Tuppenhaugen, somme er karikerte som Hans Hansen Pillarviken i En Søndagskveld til Sæters. Av dagbøker og oppteikningar går det fram at Asbjørnsen ofte legg segner som andre har fortalt, i munnen på personane sine. Han teiknar personane tydeleg og legg vekt på særdrag, situasjonane er typiske forteljesituasjonar som segntekstene føyer seg naturleg inn i. Asbjørnsen var ein skarp observatør ikkje berre av menneske; i rammeforteljingane når han sine største høgder som naturskildrar. Samtida sette dei høgt som litteratur, Vinje var ein av dei få som oppmoda Asbjørnsen om å stryka dei. Moltke Moe har omtalt boka som den mest karakteristiske i nasjonalromantikken. Samstundes har den klare realistiske drag, rammeforteljingane er i seg sjølv eit realistisk hjelpemiddel.
Det er lagt ned mykje arbeid i å finna litterære førebilete for rammeforteljingane. Frå Crofton Crokers Fairy Legends and Traditions of the South of Ireland (1825), som Asbjørnsen i alle fall kjende gjennom Grimms omsetjing Irische Elfenmärchen (1826), kan han ha fått ideen til å leggja segnene i munnen på ein forteljar. Elles har han vore påvirka av Steen Steensen Blicher og Berthold Auerbach. Han hadde også vener som Grøtting og Camilla Collett som konsulentar. Like klart er det at Asbjørnsen her har skapt noko nytt, og at han her når sitt litterære høgdepunkt.
Asbjørnsens skilje mellom huldreeventyr og folkesegner har skapt ein del forvirring, for det finst ikkje eventyr om huldra. Det viktige er at han som den første såg at segntradisjonen innheld to ulike sjangrar, segner og forteljingar om sjølvopplevde møte med det overnaturlege. Asbjørnsen makta ikkje å teoretisera dette skiljet, det gjorde først den svenske folkloristen Carl Wilhelm von Sydow på 1920-talet med termane segn og memorat.
Som språkleg og litterært bearbeidde tekster stettar korkje segnene eller eventyra hos Asbjørnsen og Moe dei krava vitskapen i dag stiller når det gjeld dokumentasjon av munnleg tradisjonsstoff . Det kan vi heller ikkje krevja; hadde dei utgitt eventyra og segnene på dialekt, ville utgåvene ikkje spela nokon rolle i norsk kulturliv. Nå vart dei presenterte i ei form som dei fleste kunne godta. Den borgarlege og intellektuelle eliten vart overtydd om at folkediktinga representerte ein nasjonal skatt med røter i sagalitteraturen. Dermed kom dei til å spela ein viktig rolle i oppbygginga av ein norsk nasjonal identitet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.