Fyrst i den eldre Gulatingslova står altså kristendomsbolken. I fleire av dei bevarte manuskripta vert det i denne bolken skilt mellom rettsreglar som ein tilskriv kongane Olav den heilage og Magnus Erlingsson. Ein refererer gjerne til Olavsteksten og Magnusteksen. Olavsteksten skal vera den kristenretten som Olav den Heilage fekk vedtatt i 1024 på Mostertinget i Sunnhordland. Den eksakte dateringa kan diskuterast. Men til dømes Besses lov i kristenretten for Borgarting viser at det på fyrste halvdel av 1000-talet var eit behov for reglar om kristen livsførsel. Biskop Grimkjell, som var i følgjet til Olav den Heilage, hadde òg etter Olav sitt fall ein karriere som indikerer at han sat inne med ein kunnskap som gjorde at han kunne ha vore med å formulera ein kristenrett.
Magnusteksten er det vanleg å sjå som gjeven av Magnus Erlingsson etter at han vart krona av erkebiskop Øystein til norsk konge i 1163 eller 1164. Ein har sett på desse endringane i og tillegga til kristendomsbolken som initiert av erkebiskopen. Det er grunn til å ha eit meir nyansert syn på opphavet til Magnusteksten, og ikkje mista av syne at reglane i stor grad gjev kongsmakta ei klarare styringsoppgåve og ansvar for lov og rett enn tidlegare.
Det er òg andre deler av den eldre Gulatingslova som med stor visse kan førast tilbake til fyrste halvdel av 1000-talet. I kapittel 314 i den eldre Gulatingslova heiter det at reglane som vart nedteikna om leidangen, det sjøbaserte forsvaret av landet, vart føresett å vera i samsvar med det som Atle hadde sagt fram på Gulating. Mellom anna Knut Helle reknar med at han sa fram reglane om leidangen rundt 1040. Det er om lag samstundes som rettarbøtene til Magnus den gode vart laga, som og tatt inn i den eldre Gulatingslova i ein eigen bolk saman med rettarbøter av Håkon Toresfostre.
I den eldre Gulatingslova finn ein at det er gjort ein ganske konsekvent bruk av 20 år som hevdsfrist. Teknikken med bruk av eksakte tidsfristar skriv seg frå studiet av romersk og kanonisk rett frå midten av 1100-talet, og vart ikkje aktivt brukt i rettspraksis før på byrjinga av 1200-talet. Det gjer at ein kan hevda at den eldre Gulatingslova har vorte redigert, og truleg fått ein del nye reglar, om lag på det tidspunktet. Særleg tolvte bolk om odel ber preg av sein redigering.
Sist i den eldre Gulatingslova står det alt nemnte saketalet til Bjarne Mårdsson. Bjarne Mårdsson er nemnt i Håkon Håkonssons saga som lagmann i Hålogaland i 1223, så denne delen av den eldre Gulatingslova må skriva seg frå fyrste halvdel av 1200-talet.
Dei ulike delane av den eldre Gulatingslova ber preg av ulik grad av revisjon og gjennomarbeiding. Til dømes mannhelgbolken, som er den mest omfattande av dei 14 bolkane, ser i liten grad ut til å ha vorte oppdatert. Den alt nemnde odelsbolken er eit døme på det motsette.
Kommentarar (7)
skreiv Torgeir Bygstad
Kristendomsbolken i Gulatingslova nemner ulike typar kyrkjer, blant anna "fjerdingskyrkjer", "åttingskyrkjer" og "heradskyrkjer". Skal vi forstå det slik kvart av dei seks fylka i lovområdet var delte inn fjerdingar, åttingar og herad, der heradet var den minste eininga? Speglar desse nemningane ein fast kyrkjeorganisasjon, der kvart fylke hadde fire fjerdingskyrkjer og åtte åttingskyrkjer i tillegg til ei rekkje heradskyrkjer, eller har dette variert frå fylke til fylke? Kva er forholdet mellom desse kyrkjetypane og omgrepet "kirkiusokn"? Var det slik at til dømes fjerdingskyrkjene fungerte som soknekyrkjer for dei som budde i nærleiken av den?
skreiv Jørn Øyrehagen Sunde
Den eldre Gulatingslova kap. 12 og 19 vert fylkes-, fjerdings-, og heradskyrkje nemnt, og kap. 12 nemner og høgendkyrkjer. I Magnusteksten i kap. 3 er det eksplisitt sagt at Ryfylke, Hordaland, Sogn og Firdsfylke er delt i fjerdingar, medan dette ikkje er sagt om Sunnmøre og Egdafylke. Fjerding er elles nemnt i kap. 5, 35, 46, 68, 102 .266, 267, 296, 298, 306 og 314. Åttung er bare nemnt i kap. 301, og Herad i kap. 120. I diplommaterialet kjenner vi åttungen stort sett bare frå Voss og Romsdalen, medan heradet er langt oftare nemnt. Ei administrativ oppdeling i fylke, fjerding, åtting og herad må ha vore vanleg på Vestlandet. I Trøndelag og på Austlandet hadde ein andre administrative inndelingar. Men inndelinga var truleg gamal alt då Olav den Heilage, eller meir truleg biskop Grimkjell på kongen sine vegner, formulerte innhaldet i kap. 12 og 19 rundt 1024 i samband med det ein kan kalla riksmøtet på Moster. Seinare ser den ut til å ha gått ut av bruk, og skipreide kan ha konsumert åttingen og heradet. Dette kan ein mogelegvis lesa ut av Magnusteksten om Egdafylke i kap. 3. Det er difor vanskeleg å seia sikkert at den kyrkjestrukturen som kap. 12 og 19 hadde lagt opp til sidan 1024 verkeleg vart følgd, sidan den administrative ordninga den bygde på vart forlatt. At det fanst kyrkje på minst eitt nivå både over og under fjerdingskyrkja, kan ein derimot vera ganske viss på.
skreiv Torgeir Bygstad
Hjarteleg takk!
skreiv Stian Myklebust Eiksund
Står ikkje ikkje 'þet er fyst' i staden for 'þat er fyst' kapittelinnleiinga?
svarte Ida Scott
Neida, det er en a :)
svarte Stian Myklebust Eiksund
Kvifor er 'þet/þat er' vokalane heilt likt skrivne på biletet av bladet då?
svarte Ida Scott
Dette er gotisk skrift, og da er bokstavene litt annerledes utforma enn ved latinsk skrift (antikva), som de fleste bruker i dag. Du kan se at A-en har en strek gjennom seg som minner om den har i vanlig trykkskrift i dag. Det kan du også se hvis du studerer de andre a'ene i bladet. Samtidig har e'en i den uthevde skriften fått pynta seg litt, slik at det kanskje heller er den som minner om en a? Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.