Augedropar som optikarar kan rekvirere
Publisert:
|
Oppdatert:
Endringer
Optikarar kan på visse vilkår rekvirere augedropar til diagnostisk bruk.
Innhold på siden
Optikarar med autorisasjon eller lisens, som har opplæring i bruk av diagnostiske medikament enten i grunnutdanninga si eller i form av tilleggsutdanning bekreftet stadfesta av bevis fra Noregs Optikerforbund, kan rekvirere augedropar til diagnostisk bruk. Direktoratet for medisinske produkter fastsetter kva slags augedropar som vert omfatta av denne regelen. Slike augedropar skal ikkje nyttast til å diagnostisere pasienter under fylte 5 år. (Heimel: Forskrift om rekvirering og utlevering av legemiddel m.m. § 7-4).
Liste over augedropar som kan rekvirerast frå apotek av optikarar som fyller krava i nemnde forskrift frå 9. september 2004:
Atropin
-
Atropin augedropar 10 mg/ml «Ophtha»
-
Atropin Minims augedropar 10 mg/ml «Chauvin»
Cyklopentolat
-
Cyclopentolat Minims augedropar 10 mg/ml «Chauvin»
Homatropin
-
Homatropin augedropar 10 mg/ml «Ophtha»
Pilokarpin
-
Isopto-Carpine augedropar 20 mg/ml «Alcon»
-
Pilo augedropar 20 mg/ml «Novartis»
-
Pilokarpin augedropar 20 mg/ml «Ophtha»
-
Pilokarpin Minims augedropar 20 mg/ml «Chauvin»
Tropikamid
-
Tropikamid Minims augedropar, eindosebehaldarar 5 mg/ml (0,5%) «Chauvin»
-
Mydrian augedropar 0,5% «Novartis»
Lokalanestetika
Oksybuprokain
-
Oxibuprokain Minims augedropar 4 mg/ml «Chauvin»
Proksmetakain
-
Alcaine augeedropar 5 mg/ml «Alcon»
Tetrakain
-
Tetrakain Minims augedropar 10 mg/ml «Chauvin»
Adrenalin-preparat som kan rekvirerast frå apotek av optikarar som fyller krava i nemnde forskrift:
-
EpiPen Jr 150 mikrogram/dose injeksjonsvæske i ferdigfylt autoinjektor «Meda» (til bruk på barn)
-
EpiPen
300 mikrogram/doseinjeksjonsvæske i i ferdigfylt autoinjektor «Meda» (til bruk på vaksne)
-
Jext 150 mikrogram injeksjonsvæske i ferdigfylt autoinjektor "ALK-Abello" (til bruk på barn)
-
Jext 300 mikrogram injeksjonsvæske i ferdigfylt autoinjektor "ALK-Abello" (til bruk på vaksne)