Angel of Retribution
Angel of Retribution Studioalbum av Judas Priest | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. februar 2005 (Japan)
1. mars 2005 (Verda) | |
Innspelt | Oktober-desember 2004, Old Smithy i Worcestershire i England og Sound City i California | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 52:37 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Roy Z & Judas Priest | |
Judas Priest-kronologi | ||
---|---|---|
Demolition (2001) |
Angel of Retribution | Nostradamus (2008)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Blabbermouth | 8/10[2] |
Kerrang | |
Rolling Stone | [3] |
Rock Hard (de) | 9/10[4] |
Angel of Retribution er det 15. studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, gjeve ut i 2005. Det er det første albumet deira sidan Painkiller (1990) med vokalisten Rob Halford. Albumet debuterte på 13. plassen på Billboard-lista, som var den tredje høgaste plasseringa for eit Judas Priest-allbum. Det markerte òg første gongen Judas Priest nådde toppen av ei salsliste, i Hellas. Albumet var produsert av Roy Z,[2] som var medlåtskrivar på songen «Deal with the Devil».
Tekstar
[endre | endre wikiteksten]Ein finn hint av tidlegare album og songar på dette albumet,[2] i tillegg til tekstar som tilsynelatande refererer til tidlegare songar. Songen «Demonizer» refererer både til «The Hellion» frå Screaming for Vengeance, i tillegg til «Painkiller» frå Painkiller. «Hellrider» nemner tittelsporet på Ram It Down, og «Tyrant» frå Sad Wings of Destiny. «Eulogy» refererer til «Stained Class» og «The Sentinel» frå albuma Stained Class og Defenders of the Faith.
Songen «Deal With the Devil» er ein slags sjølvbiografi for Judas Priest, og fortel om opphavet deira i Black Country i England, perioden då dei spelte kring i England og praktiserte ved Church of Holy Joseph i Walsall, som er der Judas Priest i røynda oppstod. «Deal With the Devil» nemner òg songen «Blood Red Skies» frå Ram It Down, «Take on the World» frå Killing Machine, og «Beyond the Realms of Death» frå Stained Class.
DualDisc
[endre | endre wikiteksten]Albumet kom ut på DualDisc-formatet som hadde den tradisjonelle CD-plata på den eine sida og DVD-innhald på den andre sida. DVD-sida av albumet inneheld ein dokumentar kalla «Reunited» i tillegg til heile albumet i eit betre lydformat. I Japan vart albumet gjeve ut som ei dobbelplate med CD og DVD.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Judas Rising» | Rob Halford, K.K. Downing, Glenn Tipton | 4:15 |
2. | «Deal with the Devil» | Halford, Downing, Tipton, Roy Z | 3:54 |
3. | «Revolution» | Halford, Downing, Tipton | 4:42 |
4. | «Worth Fighting For» | Halford, Downing, Tipton | 4:17 |
5. | «Demonizer» | Halford, Downing, Tipton | 4:35 |
6. | «Wheels of Fire» | Halford, Downing, Tipton | 3:41 |
7. | «Angel» | Halford, Downing, Tipton | 4:23 |
8. | «Hellrider» | Halford, Downing, Tipton | 6:23 |
9. | «Eulogy» | Halford, Downing, Tipton | 2:54 |
10. | «Lochness» | Halford, Downing, Tipton | 13:28 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Henta frå plateomslaget:[5]
|
|
|
Lister
[endre | endre wikiteksten]Lister (2005) | Plassering |
---|---|
Australian Albums (ARIA)[6] | 58 |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[7] | 10 |
Belgiske album (Ultratop Flandern)[8] | 37 |
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[9] | 89 |
Danske album (Hitlisten)[10] | 19 |
Nederlandske album (MegaCharts)[11] | 46 |
Franske album (SNEP)[12] | 43 |
Finske album (Suomen virallinen lista)[13] | 6 |
Tyske album (Media Control)[14] | 5 |
Italienske album (FIMI)[15] | 26 |
Norske album (VG-lista)[16] | 6 |
Spanske album (PROMUSICAE)[17] | 6 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[18] | 3 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[19] | 19 |
Britiske album (OCC)[20] | 39 |
US Billboard 200[21] | 13 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Angel of Retribution» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Angel of Retribution review». AllMusic.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Kaye, Don. «Angel Of Retribution Review». Blabbermouth.net. Arkivert frå originalen den 6 June 2011. Henta 21. september 2016.
- ↑ «Angel Of Retribution Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2 October 2007.
- ↑ Kühnemund, Götz. «Rock Hard review». issue 214. Henta 8 June 2013.
- ↑ 5,0 5,1 Angel of Retribution Liner notes (DualDisc edition). Epic Records. 2005. s. 15.
- ↑ «The ARIA Report: Week Commencing 14 March 2005» (PDF) (785). Pandora Archive. 20 March 2005. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest - Angel of Retribution" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Angel of Retribution" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Angel of Retribution" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Angel of Retribution". Danishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Angel of Retribution". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Angel of Retribution". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest: Angel of Retribution" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest - Angel of Retribution". Charts.de. Media Control. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Angel of Retribution". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Angel of Retribution". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Angel of Retribution". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Angel of Retribution". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Angel of Retribution". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard 200 for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 15. september 2016.