Hopp til innhald

Redeemer of Souls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Redeemer of Souls
Studioalbum av Judas Priest
Språk engelsk
Utgjeve 8. juli 2014 (US)
11. juli 2014 (EU)
14. juli 2014 (UK)
Sjanger Heavy metal
Lengd 61:58
Selskap Epic, Columbia
Produsent Mike Exeter and Glenn Tipton
Judas Priest-kronologi 
Nostradamus
(2008)
Redeemer of Souls Firepower
(2018)


Redeemer of Souls er det 17. studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Judas Priest, gjeve ut 8. juli 2014. Det var det første albumet deira sidan Nostradamus i 2008 og det første utan den opphavlege gitaristen K.K. Downing, som trekte seg frå bandet i 2011 og var erstatta av den nye gitaristen Richie Faulkner.[1] Albumet selde kring 32 000 eksemplar i USA den første veka og nådde sjetteplassen på Billboard 200-lista, den høgaste plasseringa bandet oppnådde i USA og det første albumet deira som nådde topp 10 i USA.[2] I februar 2016 hadde albumet selt 110 000 eksemplar i USA aleine.[3]

I januar 2011 vart det annonsert at Judas Priest skreiv på nye songar som var meint å vere det siste albumet deiras på grunn av ein tidlegare annonsert farvellturné kalla Epitaph World Tour, men bandet klargjorde at Epitaph-turneen ikkje tydde slutten for bandet.[4] I april 2011 annonserte gitaristen K.K. Downing, som hadde vore med i bandet gjennom heile karrieren, at han slutta i bandet på grunn av usemjer med bandet og managerane. Richie Faulkner, gitarist for bandet til Lauren Harris, vart henta inn som erstattar.[5][6]

28. april 2014 avslørte bandet tittelen på albumet og gav ut tittelsporet for digital strøyming på den offisielle nettsida si.[7] Sporlista vart annonsert fire dagar seinare.[8]

Gitarist Glenn Tipton sa at fansen ikkje måtte vente seg mykje eksperimentering. «Tidlegare har me vorte angripne for å vere for dristige musikalsk... så me har lytta» sa han. «Frå start til slutt er Redeemer of Souls 18 songar med rein, klassisk Priest-metal.»

Albumet kom ut med fem bonusspor i ei luksusutgåve. Desse vart gjeve ut på ei avgrensa 10" vinylplate kalla 5 Souls for Record Store Day 2014.[9]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic73/100[10]
Karakter
KjeldeKarakter
About.com4.5/5 stars[11]
Allmusic3.5/5 stars[12]
Blabbermouth.net8/10[13]
Drowned in Sound7/10[14]
Loudwire4/5 stars[15]
Metal Hammer8/10 stars[16]
PopMatters9/10[17]
Revolver4/5 stars[18]
Rolling Stone3.5/5 stars[19]

Redeemer of Souls fekk stort sett god omtale av kritiakrane og vart rekna som ein tilbakekomst for bandet, etter lunken mottaking av det førre albumet Nostradamus. Chad Bowar skreiv for About.com at den nye gitaristen Richie Faulkner verka å bringe «energi» til bandet - og at sjølv om han var i 60-åra no, var røysta til Halford framleis særs bra. Bowar hylla fleire av songane på albumet, som «Sword of Damocles» og «Battle Cry.»[11]

James Christopher Monger skreiv for Allmusic at albumet var «motsetnaden» til Nostradamus frå 2008. Monger meinte «Dragonaut» og «Metalizer» var høgdepunkta på albumet og sa at Redeemer of Souls fortente å samanliknast med album som Sad Wings of Destiny og British Steel.[12]

Ray Van Horn jr. på Blabbermouth.net sa at Faulkner og Tipton høyrdest «heilt greie ut i lag, byta soloar og heldt riffa stramt i lag», men sakna likevel K.K. Downing.[13]

I tillegg til at albumet fekk gode meldingar plasserte Brave Words & Bloody Knuckles albumet på tredjeplassen på lista si for 2014.[20]

Alle songar er skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og Richie Faulkner[8].

Nr.TittelLengd
1.«Dragonaut»4:26
2.«Redeemer of Souls»3:58
3.«Halls of Valhalla»6:04
4.«Sword of Damocles»4:54
5.«March of the Damned»3:55
6.«Down in Flames»3:56
7.«Hell & Back»4:46
8.«Cold Blooded»5:25
9.«Metalizer»4:37
10.«Crossfire»3:51
11.«Secrets of the Dead»5:41
12.«Battle Cry»5:18
13.«Beginning of the End»5:07
Total lengd:61:58
Bonusplate med lukusutgåva[21]/5 Souls EP[9]
Nr.TittelLengd
1.«Snakebite»3:14
2.«Tears of Blood»4:19
3.«Creatures»4:25
4.«Bring It On»3:18
5.«Never Forget»6:25
Total lengd:83:39

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Judas Priest
Produksjon

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Lister (2014) Plassering
Australske album (ARIA)[22] 31
Austerrikske album (Ö3 Austria)[23] 6
Belgiske album (Ultratop Flandern)[24] 25
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[25] 30
Kanadiske album (Billboard)[26] 5
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[27] 1
Danske album (Hitlisten)[28] 9
Nederlandske album (MegaCharts)[29] 26
Finske album (Suomen virallinen lista)[30] 1
Franske album (SNEP)[31] 22
Tyske album (Media Control)[32] 3
Ungarske album (MAHASZ)[33] 13
Irske album (IRMA)[34] 32
Italian Albums (FIMI)[35] 29
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[36] 31
Norske album (VG-lista)[37] 3
Polske album (ZPAV)[38] 8
Skotske album (OCC)[39] 12
Spanske album (PROMUSICAE)[40] 9
Svenske album (Sverigetopplistan)[41] 5
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[42] 6
Britiske album (OCC)[43] 12
UK Rock & Metal Albums (OCC)[44] 1
US Billboard 200[45] 6
US Top Hard Rock Albums (Billboard)[46] 1
US Top Rock Albums (Billboard)[47] 1

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2014) Plassering
US Billboard Hard Rock Albums[48] 19
US Billboard Rock Albums[49] 60
  1. «Judas Priest announce first studio album since 2008». The Guardian. 21. september 2016. Henta 21. september 2016. 
  2. «Judas Priest Lands First Ever Top 10 Album In U.S. With 'Redeemer Of Souls'». Blabbermouth.net. 16. juli 2014. Henta 21. september 2016. 
  3. «Upcoming Releases». Hits Daily Double. HITS Digital Ventures. Arkivert frå originalen 29. februar 2016. Henta 21. september 2016. 
  4. «Judas Priest Working on New Material – Jan. 27, 2011». Blabbermouth.net. 27 January 2011. Henta 10. september 2016. 
  5. «News – K.K. DOWNING retirement Press Release». JudasPriest.com. 20 April 2011. Henta 10. september 2016. 
  6. «Interview: Gitarists Glenn Tipton and Richie Faulkner Discuss Judas Priest After K.K. Downing». Gitar World. 21. september 2016. Henta 21. september 2016. 
  7. «Judas Priest Unveil New Track From Upcoming Album». Tapp Out Music. 21. september 2016. Arkivert frå originalen 6. november 2015. Henta 21. september 2016. 
  8. 8,0 8,1 «Classic Judas Priest Metal On The Way With Their 17th Album 'Redeemer Of Souls'». Judaspriest.com. Henta 2 May 2014. 
  9. 9,0 9,1 «Judas Priest's '5 Souls' Limited-Edition 10-Inch Vinyl: Video Overview». Blabbermouth.net. 21. september 2016. Henta 21. september 2016. 
  10. «Reviews for Redeemer of Souls by Judas Priest». Metacritic. Henta 21. september 2016. 
  11. 11,0 11,1 Bowar, Chad. «Judas Priest - Redeemer of Souls». About.com. Henta 21. september 2016. 
  12. 12,0 12,1 Monger, James Christopher. «Review: Redeemer of Souls». Allmusic.com. Henta 21. september 2016. 
  13. 13,0 13,1 Van Horn Jr., Ray (21. september 2016). «Judas Priest: Redeemer of Souls – review». White Plains, New York: Blabbermouth.net. 
  14. McDonald, Andy (21. september 2016). «Judas Priest: Redeemer of Souls». Drowned in Sound. Arkivert frå originalen 10. august 2014. Henta 21. september 2016. 
  15. Hartmann, Graham 'Gruhamed' (21. september 2016). «Judas Priest, 'Redeemer of Souls' - Album Review». Loudwire. Henta 21. september 2016. 
  16. Dome, Malcolm (17 July 2014). «judas-priest: redeemer-of-souls: Redeemer of Souls – review». London: Metal Hammer. 
  17. Highter, Erik. «Judas Priest: Redeemer of Souls». PopMatters. Henta 7. juli 2014. 
  18. «Review: Judas Priest — Redeemer of Souls - Heavy Metal News | Music Videos |Golden Gods Awards». revolvermag.com. 7 July 2014. Henta 21. september 2016. 
  19. «Judas Priest 'Redeemer of Souls' Album Review | Album Reviews». Rolling Stone. Henta 21. september 2016. 
  20. «BravePicks 2014 - Judas Priest's Redeemer of Souls #3». Bravewords.com. 28 December 2014. Henta 21 February 2015. 
  21. «iTunes - Musik - Redeemer of Souls (Deluxe Version) af Judas Priest». Itunes.apple.com. Henta 21. september 2016. 
  22. "Judas Priest – Redeemer Of Souls". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 21. september 2016.
  23. "Judas Priest - Redeemer Of Souls" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 21. september 2016.
  24. "Judas Priest – Redeemer Of Souls" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 21. september 2016.
  25. "Judas Priest – Redeemer Of Souls" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 21. september 2016.
  26. "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 21. september 2016.
  27. "Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select {{{date}}} on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data. Henta 27 July 2014.
  28. "Judas Priest – Redeemer Of Souls". Danishcharts.com. Hung Medien. Henta 21. september 2016.
  29. "Judas Priest – Redeemer Of Souls". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 21. september 2016.
  30. "Judas Priest: Redeemer Of Souls" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 21 July 2014.
  31. "Judas Priest – Redeemer Of Souls". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 21 July 2014.
  32. "Judas Priest - Redeemer Of Souls". Charts.de. Media Control. Henta 21. september 2016.
  33. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia. Henta 31 July 2014.
  34. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 21. september 2016.
  35. «Artisti - Classifica settimanale WK 29 (dal 14-07-2014 al 20-07-2014)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Arkivert frå originalen 8. oktober 2014. Henta 24. juli 2014. 
  36. "Judas Priest – Redeemer Of Souls". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 21. september 2016.
  37. "Judas Priest – Redeemer Of Souls". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 21. september 2016.
  38. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 25 July 2014.
  39. "{{{date}}} Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 21. september 2016.
  40. "Judas Priest – Redeemer Of Souls". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 21. september 2016.
  41. "Judas Priest – Redeemer Of Souls". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 21. september 2016.
  42. "Judas Priest – Redeemer Of Souls". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 21. september 2016.
  43. "Judas Priest | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 21 July 2014.
  44. «2014 Top 40 Rock & Metal Albums Archive». UK Rock Chart. Official Charts Company. Henta 21 July 2014. 
  45. "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard 200 for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 16 July 2014.
  46. "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard Top Hard Rock Albums for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 21. september 2016.
  47. "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard Top Rock Albums for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 21. september 2016.
  48. «2014 Year End Charts - Hard Rock Albums». Billboard. Henta December 9, 2014. 
  49. «2014 Year End Charts - Top Rock Albums». Billboard. Henta December 9, 2014.