Beyond the Realms of Death
Utsjånad
Beyond The Realms of Death Song av Judas Priest frå albumet Stained Class | ||
Utgjeve | 10. februar 1978 | |
Innspelt | Oktober-november 1977, Chipping Norton Recording Studios, Oxfordshire | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 6:53 | |
Selskap | CBS, Inc. (UK) Columbia Records (US) | |
Komponist | Rob Halford, Les Binks | |
Låtskrivar(ar) | Rob Halford | |
---|---|---|
Produsent | Dennis Mackay, Judas Priest |
«Beyond The Realms of Death» er ein powerballade av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå albumet Stained Class frå 1978. Framføringa til vokalisten Rob Halford på denne songen vert rekna som ein av dei beste han gjorde, i tillegg til at gitarsoloen har fått mykje lovord. Mange musikkjournalistar reknar songen som den beste på albumet.[1][2] Den episke songen vert rekna som ein Judas Priest-klassikar, med versjonar av songen på albuma Priest, Live and Rare, '98 Live Meltdown, Live in London, A Touch of Evil: Live, Live Insurrection og mange av samlealbuma til bandet. Trommeslagaren Les Binks står oppført som medlåtskrivar for å ha skrive hovudriffet i songen. Dette var den einaste songen han var låtskrivar på for bandet.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Blind Guardian spelte ein versjon av songen for albumet A Tribute to Judas Priest: Legends of Metal.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Rob Halford: Vokal
- K.K. Downing: Gitar
- Glenn Tipton: Gitar
- Ian Hill: Bass
- Les Binks: Trommer
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Beyond the Realms of Death» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Judas Priest - Stained Class (album review 3)». Sputnikmusic. Henta 11. september 2016.
- ↑ Steve Huey. «Stained Class - Judas Priest | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 11. september 2016.