Bullet Train av Judas Priest
Bullet Train av Judas Priest frå albumet Jugulator | ||
B-side |
Rapid Fire ('98-versjonen), The Green Manalishi ('98-versjonen) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1998 | |
Innspelt | 1996-1997, Silvermere Studios i Surrey i England | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 5:11 | |
Selskap | SPV/Steamhammer | |
Komponist | K. K. Downing, Glenn Tipton | |
Tekstforfattar | Glenn Tipton | |
Låtskrivar(ar) | K.K. Downing, Glenn Tipton | |
Produsent | Glenn Tipton K.K. Downing Sean Lynch | |
Judas Priest-kronologi | ||
«Burn in Hell»
(1997) |
Bullet Train | «Bloodsuckers»
(2001)
|
«Bullet Train» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest og den andre singelen frå albumet Jugulator i 1997. Han er ein av dei mest populære songane deira med Tim «Ripper» Owens på vokal og er med på konsertalbumet '98 Live Meltdown. Singelen inneheld ei nyinnspeling av songen «Rapid Fire» som opphavleg vart gjeven ut på albumet British Steel. Den andre B-sida var ei nyinnspeling av The Green Manalishi av Fleetwood Mac som bandet hadde spelt inn i 1978. Ein digipak-versjon av singelen frå 1997 har berre med det første sporet. Ein annan singelversjon har med «Bullet Train» og «Blood Stained».
Grammy-nominasjon
[endre | endre wikiteksten]I 1999 vart songen nominert til Grammyprisen for beste metal-song,[1] men tapte for andre gongen for Metallica og songen deira «Better than You».
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Bullet Train» | K.K. Downing, Glenn Tipton | 4:08 |
2. | «Rapid Fire ('98 version)» | Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing | 3:53 |
3. | «The Green Manalishi ('98 version)» | Peter Green | 4:10 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Tim «Ripper» Owens: vokal
- K.K. Downing: gitar
- Glenn Tipton: gitar
- Ian Hill: bass
- Scott Travis: trommer
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bullet Train (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ James Sullivan (6 January 1999). «Women Dominate Grammys / Lauryn Hill leads with 10 nominations». SFGate.com. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 20 May 2011.