Revolution av Judas Priest
Utsjånad
Revolution Singel av Judas Priest frå albumet Angel of Retribution | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2005 | |
Innspelt | Oktober - desember 2004 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 4:42 | |
Selskap | Epic | |
Låtskrivar(ar) | Rob Halford | |
---|---|---|
Produsent | Roy Z | |
Judas Priest-kronologi | ||
«Machine Man» (2001) |
Revolution | «War» (2008)
|
«Revolution» er ein song på albumet Angel of Retribution av heavy metal-bandet Judas Priest. Det var den første singelen deira sidan «Night Crawler» i 1992 til å gå inn på den amerikanske singellista. Songen nådde 23. plassen på Mainstream Rock Tracks-lista.
I følgje produsenten Roy Z:
«Bassintroen til 'Revolution' er faktisk frå eit lydband bandet spelte inn i 1970-åra. Me lasta riffet inn i Pro Tools og bygde resten av songen kring det. Me gjekk for ein rå, moderne 70-talsstil. Det er ein vidopen rock and roll-song.»
Songen vart godt motteken av fansen og framleis spelt på konsertane til bandet.
Songen har eit liknande riff som «Mountain Song» av Jane's Addiction.
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
2005 | Hot Mainstream Rock Tracks | #23 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Revolution (Judas Priest song)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: