Exciter av Judas Priest
Utsjånad
Exciter Song av Judas Priest frå albumet Stained Class | ||
Utgjeve | 10. februar 1978 | |
Innspelt | Oktober-november 1977, Chipping Norton Recording Studios i Oxfordshire | |
Sjanger | Heavy metal, speed metal | |
Lengd | 5:34 | |
Selskap | CBS, Inc. (UK) Columbia Records (US) | |
Komponist | Rob Halford, Glenn Tipton | |
Låtskrivar(ar) | Rob Halford | |
---|---|---|
Produsent | Dennis MacKay, Judas Priest |
«Exciter» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå 1978 på albumet Stained Class. Det er opningssporet og eit tidleg døme på speed metal.
Rettssak i 1990
[endre | endre wikiteksten]Under det sivile søksmålet mot bandet i 1990, der dei vart skulda for å plassere skjulte meldingar i songane sine som fekk ungdom til å ta livet av seg, vart «Exciter» spelt av baklengs i retten. Vokalisten Rob Halford synte med dette at når songen blir spelt baklengs verkar det som det vert sagt «I asked for a peppermint, I asked for her to get one.»[1] Dette synte for retten at alle songar som vert spelt baklengs kan innehalde setningar som vert forma av hjernen. Det same gjaldt «Better By You, Better Than Me», som hadde ein lyd som kunne tolkast som «do it».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Exciter (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Townshend, Tom (6. oktober 2009). «Judas Priest Cause Suicide - Debunking music’s biggest myths». Entertainment.ca.msn.com. Arkivert frå originalen 22. februar 2014. Henta 11. september 2016.